Miljøarbeidarar arbeider med å betre det psykososiale skolemiljøet slik at elevane opplever skolen som ein trygg og god stad å vere. Skolane i Bergen har nulltoleranse mot mobbing, vald, diskriminering, trakassering og for mindre alvorlege krenkingar.
Gode erfaringar
Åstveit skole er blant skolane som har lang erfaring med å ha miljøarbeidar. Skolen har blant dei lågaste mobbetala i bergensskolen. Med dei 11 nye miljøarbeidarane får no fleire skolar moglegheit til å fokusere enno meir på trivsel og skolemiljø.
Erik Grønner har jobba som vernepleiar/miljøarbeidar på Åstveit i sju år. Han er overtydd om at dei låge mobbetala på skolen har samanheng med systematisk arbeid i mange år.
- Vi jobbar med skolemiljø på tre nivå: med heile skolen, med grupper og med enkeltelevar. Fire-fem gonger i året svarar elevane på ei spørjeundersøking om korleis dei har det. Med slike hyppige undersøkingar fangar vi raskt opp viss nokon ikkje har det bra. I tillegg blir elevane vane med at vi har fokus på skolemiljø og trivsel her på Åstveit.
Grønner fortel at han jobbar tett saman med helsesjukeplaiar, lærarane, skoleleiinga og foreldra. Det viktigaste dei gjer er å førebygge. Det inneber mellom anna at dei oppsøker elevane i staden for å vente til elevane sjølv tar kontakt. Miljøarbeidarane har tausheitsplikt.
Elevar som trivst, gjer det betre fagleg
Med meir vald og truslar, stigande mobbetal, fleire tilfelle av ufrivillig skolefråver, og relativt mange elevar som har opplevd rasisme, er førebyggande arbeid i skolen viktigare enn nokon gong. Daniel Hägglund, byråd for barnehage og skole, har stor tru på at miljøarbeidarar spelar ei nøkkelrolle i å snu den negative utviklinga.
- Å få fleire yrkesgrupper inn i grunnskolen kan vere nøkkelen til å styrke det sosiale miljøet. Dette vil igjen gjere det lettare å løfte det faglege nivået. Vi veit at elevar som trivst på skolen, har betre føresetnadar for å gjere det bra fagleg. Miljøarbeidarane spelar dermed ei avgjerande rolle òg i å heve dei faglege resultata.
Fokus på heile mennesket
Tore André Lunde er utdanna barnevernspedagog og har arbeidd som miljøarbeidar i bergensskolen i fem og eit halvt år. På Sandgotna skole er han del av eit team på tre miljøarbeidarar.
- Det skjer mykje i ungdomsskolealderen, og for mange unge er det ei utfordrande tid. Elevane har behov for å bli sett, og dei treng nokon å snakke med. Det er her vi miljøarbeidarar har ei rolle. På skolen vår er vi opptatte av å sjå heile mennesket.
Tore André Lunde fortel at ein viktig del av jobben som miljøarbeidar handlar om å bygge relasjonar til ungdommane. Det gjer dei på ulike vis, mellom anna ved å helse på kvar einskild elev når skoledagen startar. Dei er ute i friminutta ikkje berre for å observere, men òg for at det skal vere lett for elevane å ta kontakt. Døra til kontora deira er alltid open.
- Vi er lett tilgjengelege for ein prat fordi tida vår ikkje er låst til undervisning, til dømes. Vi samarbeider tett med lærarane og gjerne òg med foreldre om utfordringar etter kvart som dei dukkar opp. Ein viktig skilnad mellom lærarane og oss er at vi er meir nøytrale, fortel Lunde.
- Eg trivst utruleg godt med å bruke kompetansen min på menneske som er tidleg i livet. Det gir meg mykje å rettleie dei slik at dei kan ta gode val og skape seg så gode liv som mogleg, seier Lunde.
Skolar med miljøarbeidarar
11 skolar - åtte skolar med ungdomstrinn og tre barneskolar - har no tilsett miljøarbeidar på bakgrunn av satsinga.
Skolar med ungdomstrinn
• Breimyra
• Hop
• Storetveit
• Ytrebygda
• Holen (kombinertskole, det vil seie skole med både barnetrinn 1.-7. og ungdomstrinn 8.-10.)
• Kjøkkelvik (kombinertskole)
• Mjølkeråen (kombinertskole)
• Olsvik (kombinertskole)
Barneskular
• Flaktveit
• Fridalen
• Slettebakken
Ei rekkje andre skolar i Bergen har allereie tilsett miljøarbeidar.