- Kva har desse kjendisane til felles? spør foredragshaldar Marianne Kufaas Sæterhaug frå Lingit på den første kurskvelden måndag 27. november og viser fram eit bilde av ei rekke kjendisar. Elevane i salen veit kven dei fleste på bildet er, men dei er ikkje klar over dei alle har eller hadde dysleksi. Til og med forfattarane Agatha Christie, H.C. Andersen og Roald Dahl sleit med dysleksi. Det same gjorde vitskapsmennene Isak Newton og Albert Einstein, og forretningsmennene Steve Jobs og Bill Gates.
- Smart verktøy
- Eg synst Lingdys verkar som eit smart verktøy. Eg trur det blir lettare og gøyare å lese og skrive no, både på norsk og engelsk, seier ei jente på sjette trinn på Garnes skule.
- Favorittfunksjonen min er ‘ta bilde å få det lest opp’. Det vil seie at eg kan eg ta bilde av ein tekst og få han lest opp ved hjelp av Lingdys, supplerer ein jamngamal gut.
To versjonar av Lingdys
Med Lingdys får alle elevar på barne- og ungdomsskular i Bergen hjelp med rettskriving, ordval og opplesing på dei viktigaste plattformene som dei brukar på skulen, til dømes Google docs.
Verktøyet finst i to versjonar: ein skuleversjon og ein pluss-versjon. Elevar med dysleksi eller andre utfordringar som gjer det vanskeleg for dei å lese og skrive, kan ha rett til Lingdys Pluss som har fleire funksjonar. Verktøyet gir alle elevar høve til å jobbe effektivt og til å uttrykke seg. Alle får same høve til å delta og føle meistring.
Marianne på scena ber alle ta fram Chromebook-en eller pc-en sin før ho guidar deltakarene rundt i verktøyet. Undervegs får dei beskjed om å prøve ut dei ulike funksjonane og innstillingane: Kor fort eller sakte vil du at stemma som les, skal lese opp teksten? Kva stemme vil du skal lese høgt for deg?
Ordbok-funksjonen hjelper elevane med å velje rett variant av ord er lett å blande saman, som ‘hvert’, ‘vært’, ‘vert’ og ‘verdt’, seier Marianne frå scena.
Opplæringa på Ny-Krohnborg er for elevar frå første til tiande trinn som brukar pluss-versjonen, og foreldra deira.
- Det er som å gå eit langrennsløp der nokre må bere ein stor sekk, mens andre går utan. Rennet er tyngre for dei med sekk. Etter seansen her i kveld er eg overtydd om at Lingdys vil vere til stor hjelp for barnet mitt og andre elevar med dysleksi, seier ein far som deltok på opplæringa.
Funksjonar i Lingdys Pluss
- lesestøtte
- skrivestøtte
- opplesing av mattestykke
- ordbok
- framandspråk (engelsk, tysk, fransk, spansk)
- ta bilde og les opp
- diktering