– Dette er eit fint, lite prosjekt som kjem til å bety svært mykje for alle som bur i området og som er glad i skogen, seier Nævdal-Bolstad.
150 kveitebollar forsvann som dogg for sola då seks barnehagar, inviterte gjester og nyfikne naboar møtte opp for å feire. Novembersola varma og stemninga var på topp. Markeringa fann stad på den praktfulle møteplassen i skogen, som har fått namnet Steinalderplassen.
Det er Bymiljøetaten som har leia prosjektet.
– Målet er å leggje til rette for nærtur, gode møteplassar og å gjera det enklare å nå den naturlege sandstranda i Gjerdsvika, fortel direktør i Bymiljøetaten Lise Reinertsen.
Prosjektleiar Elisabeth Skage fortel at skule og barnehagar i området nyttar skogen regelmessig, og treng fleire møteplassar.
– Samstundes har det vore viktig å ta vare på naturen som er her. Turvegen er bygd med omsyn til terreng og vegetasjon i området, utdjupar Skage.
Slik kjem ein seg til turvegen
Turvegen går frå Varden idrettsanlegg, og ein brukar omtrent fem til ti minuttar å rusle bort til det Bymiljøetaten har kalla Steinalderplassen.
Det er lett å kome seg til Varden. Buss nummer 4 går via sentrum og Oasen og har stopp like ved stiens start på Varden. Det er parkering ved idrettsanlegget.
Vegen har rullevenleg dekke. Ved bruk av manuell rullestol kan det vera godt med selskap, då der er parti som har noko større stigning enn anbefalt for universell utforming.
Temmeleg hemmeleg sandstrand
Turvegen stanser ved Steinalderplasssen, og herifrå og ned til den naturlege sandstranda i Gjerdsvika er det rydda sti i terrenget. Det er gjort eit bevisst val om å ikkje byggje ned naturen ved denne vakre, naturlege sandstranda.
Fakta
- Kanadaskogen er ein del av byfjella.
- Turvegen er bygd av Gravdal Hage og Anlegg. Turvegen følger terrenget og er lagt slik at færrast mogleg trær måtte fjernes.
- Arkitektgruppen Cubus har prosjektert
- Ved enden av turvegen er det bygd eit grindbygg etter gamal byggeskikk. Grindbygget er bygd av Kriminalomsorgen oppe på saga til Skog og Treplantingsselskapet – og deretter flytta ut i skogen.
- Ramme på prosjektet var 2,5 millionar, og prosjektet er innanfor budsjettet.