Kulturdagar i Arna er eit årleg samarbeidsprosjekt mellom Bergen kommune og kultur- og organisasjonslivet i Arna. Programmet er rikhaldig og spenner frå det nyskapande til det tradisjonelle, med konsertar, utstillingar, temakveldar og mykje meir.
Arna og Åsane kulturkontor fungerar som koordinator og tilretteleggjar, medan kultur- og organisasjonslivet står for dei ulike arrangementa.
Oppfordrar kulturlivet til å bli med
I fjor deltok 54 organisasjonar og arrangørar med til saman 78 arrangement, fordelt utover 36 ulike lokaler og bygg. Totalt deltok nesten 7400 personar i feiringa.
– Kulturdagane er det lokale kulturlivet sitt eige utstillingsvindu, seier John Kristian Øvrebø, kultursjef ved Arna og Åsane kulturkontor.
Han oppfordrar alle aktørar til å bli med og skape eit rikt kulturprogram til glede for alle innbyggjarane i Arna.
– Mange innbyggarar etterlyser gode møteplassar og spanande kulturopplevingar i Arna. Har du eller din organisasjon lyst til å bidra i år?, spør Øvrebø.
Planleggingsmøte 23. januar
Arna og Åsane kulturkontor inviterer til eit ope møte 23. januar klokka 18.30 på Arna frivilligsentral. Her skal ein diskutere idear og forslag til arrangement, dele erfaringar og skape samarbeid. Møtet har ikkje påmelding, her kan du berre møte opp.
Program:
- Nytt frå Arna og Åsane kulturkontor og Seksjon for kunst og kulturutvikling, ved kultursjef John Kristian Øvrebø og seniorrådgivar Sølvi Litleskare
- Innkomne forslag og idear til kulturdagane i 2025
- «Runde rundt bordet»
- Spørsmål/svar
Meld inn ditt arrangement
Vil du bidra med eit arrangement i Arna i perioden 25. april – 4. mai? Både grupper, organisasjoner og enkeltpersonar kan melde inn arrangement. Ingen idé er for liten eller stor. Frist for innmelding er 13. februar. Klikk her for å kome til innmeldingsskjema.
Ta gjerne kontakt
Lurar du på noko? Kanskje har du spørsmål om moglege samarbeidspartnarar eller tilskotsordningar, eller kanskje du berre vil dele informasjon om kva dykk planlegg for kulturdagane? Ta kontakt med Arna og Åsane kulturkontor.