Kunstnar Sofie Hviid Vinther står på ein grasplen i Nygårdsparken kor skulptur til minne om Torborg Nedreaas skal stå.
SKULPTØR: Kunstnar Sofie Hviid Vinther skal lage ein skulptur til minne om Torborg Nedreaas, som skal plasserast på denne grasplenen i Nygårdsparken.
Bilde: Kim Einar Andreassen

Skal heidre Torborg Nedreaas med skulptur i Nygårdsparken

Torborg Nedreaas er den tredje kvinna som heidrast gjennom prosjektet «Kvinner på sokkel». Oppdraget går til kunstnaren Sofie Hviid Vinther.

Gjennom prosjektet Kvinner på sokkel skal Bergen kommune auke kvinners nærvær i det offentlege rom. Torborg Nedreaas er den tredje kvinna, etter Ambrosia Tønnesen og Kim Friele, som skal heidrast med et monument i Bergen sentrum.

Av 20 søkjarar til den opne kvalifiseringsrunden vart kunstnaren Sofie Hviid Vinther vald med sitt verk «Nyttehender».

–  Det er eg svært takksam for.  Eg har aldri utførd ei så stor oppgåve før. Prosjektet var også ein introduksjon til Nedreaas sin forfattarskap, som eg er svært glad for. Eg trur vi kunne ha blitt gode vener, seier Hviid Vinther. 

Skisse av verket "Nyttehender" skal pryde Nygårdsparken, i nærleiken av der Torborg Nedreaas vaks opp på Møhlenpris.
NYTTEHENDER: Verket "Nyttehender", i kvit betong, skal pryde Nygårdsparken, i nærleiken av der Torborg Nedreaas vaks opp på Møhlenpris.
Bilde: Sofie Hviid Vinther

Hender i kvit betong

Skulpturen består av to forbundne hender støypt av kvit betong, der overflata vil gå frå ein grov sandblåst til ein finslipt overflate. Hendene vil dermed gradvis forandre seg frå rå til blankt polerte, som skal være eit symbol på både grove arbeidshender og hender som utfører finare arbeid.

Skulpturen er 3 meter lang, 2 meter brei og 60 cm høg. Den er meint å fordre interaksjon og vil vere tilgjengeleg døgnet rundt for byens innbyggjarar og vitjande. 

Skisse av skulptur av hender i kvit betong.
KVIT BETONG: Betong og 85 prosent småstein frå Gudvangen blir nytta i skulpturen.
Bilde: Sofie Hviid Vinther

Fra juryens vurdering

I fylgje juryens grunngjeving tek skulpturen «Nyttehender» utgangspunkt i Torborg Nedreaas tekstunivers, og «… særskild Den lille novellen om et par sko, der nettopp hendene er dreiingspunkt for djupare refleksjon kring politikk, kunst, arbeid, poesi og nytte…».

Og vidare: «Skulpturen foreinar påminning og heider av det Nedreaas utretta med hennar hender, og vil som kunstverk av hender støtte, halde kring og vere til nytte for framtidas bergensarar. Skulpturen er leiken, utforma i eit figurativt, abstrahert uttrykk som er beinveges til å kjenne att men som samstundes opnar for refleksjon kring hender og arbeid; til dømes har dei siste åra vore fulle av politiske utspel knytt til uttrykket «varme hender»….».

Prosjektet Kvinner på sokkel avslører kven som skal heidre Torborg Nedreaas, på den årlege Torborg Nedreaas-dagen ved Litteraturhuset 13. november, som er forfattarens bursdag.
KVINNER PÅ SOKKEL: Prosjektet Kvinner på sokkel avslører kven som skal heidre Torborg Nedreaas, under den årlege Torborg Nedreaas-dagen på Litteraturhuset 13. november, som er forfattarens bursdag.
Bilde: Kim Einar Andreassen

Skal avdukast våren 2026

Verket skal plasserast i Nygårdsparken, i nærleiken av Møhlenpris, der Nedreaas vaks opp. Plasseringa gjer at verket kan sjås fra ulike perspektiv fra parken alt ettersom kva for tre sider man passerer det på. Planlagt avduking er våren 2026. 

 Kunstnaren Sofie Hviid Vinther utanfor huset der Torborg Nedreaas vaks opp på Møhlenpris.
FORFATTARHUS: Kunstnaren Sofie Hviid Vinther utanfor huset der Torborg Nedreaas budde delar av oppveksten på Møhlenpris.
Bilde: Kim Einar Andreassen

Frå Danmark

Sofie Hviid Vinther (f. 1994) er opphavleg frå Stege i Danmark, men bur og arbeider i Bergen. Ho fullførte sin MFA ved Fakultet for kunst, musikk og design ved UiB i 2021. I tillegg til å delta i ei rekkje gruppeutstillingar i Danmark og Noreg, har ho hatt separatutstilling på mellom anna Christinegaard, Soft Galleri, Kiosken og Isotop. Sofie Hviid Vinther har vore ein aktiv kunstnar som kan vise til mangfaldige prosjekt der ho utfordrar materialitetar, og ho arbeider gjerne i eit grenseland mellom det performative, installasjonar og tekstlege element. 

«Nyttehender» er Sofie Hviid Vinther sitt første store kunstprosjekt i offentlege rom. Det opnar for eit leikent univers både med tanke på tematikk, men også gjennom å bruke materiale på ein taktil måte – noko som høyrer med i Vinthers kunstverk og særpreg.

Plakett til minne om Torborg Nedreaas på Møhlenpris.
MØHLENPRIS: Torborg Nedreaas budde i barndomen i et hus på hjørnet av Storms gate og Konsul Børs gate på Møhlenpris.
Bilde: Kim Einar Andreassen

Fakta: Torborg Nedreaas

  • Fødd 13. november 1906, Bergen. Død 30. juni 1987, Nesodden.
Portrett av Torborg Nedreaas.
HEIDRAST: Torborg Nedreaas (1913-1917).
Bilde: Aschehough
  • Norsk forfattar som skreiv ei av dei store norske oppvekstforteljingane, trilogien om jenta Herdis Hauge, som består av bøkene Trylleglasset (1950), Musikk fra en blå brønn (1960) og Ved neste nymåne (1971).
  • Nedreaas vart tidleg kjend som ein kontroversiell forfattar som braut tabu. Forfattarskapet har eit sterkt kvinnefokus, som i novellesamlinga Bak skapet står øksen (1945), der ho forsvarte tyskerjentene, og romanen Av måneskinn gror det ingenting (1947), der ho skremmande realistisk skildrar ei kvinnes sjølvpåførte abortar.
  • Prisar: Kritikerprisen 1950 for Trylleglasset, Doblougprisen 1964, Mads Wiel Nygaards legat 1966 og Det Norske Akademis Pris 1986.

    Kjelde: snl.no

Les mer om: