Kva fritidsaktivitetar deltar barnefamiliane i Vestland i? Er det forskjell i korleis barn og unge deltek deltar avhengig av kvar dei bur og kva bakgrunn foreldra deira har? Dette – og mykje meir – er Barnefamiliepanelet med å gje svar på.
Vil gjere tilbodet endå betre
Bergen kommune og Vestland fylkeskommune samarbeider om undersøkinga, som blir sendt ut til alle barnefamiliar i Vestland med born i alderen 3–17 år denne veka.
– Barnefamiliepanelet gir oss praktisk informasjon til bruk for idrettslag, kulturorganisasjonar og kommune. Med betre kunnskap kan vi gjere tilbodet til barn og unge endå betre, seier byråd for næring, kultur og idrett, Reidar Digranes.
Spørsmål om fritidsvanar
Barnefamiliepanelet vart gjennomført i heile Vestland for første gong i 2022 og for andre gong i juni 2025. Undersøkinga har blitt gjennomført blant barnefamiliar i Bergen kommune tre gonger tidlegare.
Spørsmåla i undersøkinga handlar om ulike forhold rundt fritidslivet til barnefamiliane. Det er blant anna spørsmål om medievanar og deltaking i kulturaktivitetar, idrett og fritidstilbod for barnet, i tillegg til spørsmål om fritidsvanar, økonomi og utdanning hjå forelderen.
Betre metodar for inkludering
Barnefamiliepanelet blir sendt ut på e-post til ein forelder per husstand. Denne skal svare på spørsmål som gjeld eit av borna i familien.
– Eg håpar så mange som mogleg set av litt tid til undersøkinga, slik at vi kan få inn mange svar frå barnefamiliar i heile fylket, seier utvalsleiar Jacob Nødseth i Vestland fylkeskommune og held fram:
– Barnefamiliepanelet er eit nyttig verktøy, spesielt når kommunane og fylkeskommunen skal gjere politiske vedtak og legge planar som gjeld oppvekst og fritid. Målet er å finne nye og betre metodar for inkludering.
- Sjå rapportane og les meir om Barnefamiliepanelet i innbyggarhjelpen.