Digital utanforskap handlar i dag ikkje om manglande tilgang til internett. Det skiljet er nærast heilt borte. Dei, som er utanfor digitalt, er dei som ikkje er trygge på korleis dei skal bruke digitale tenester.
LES MEIR: Programmet for Digidagane 2026
Lik tilgang, ulik meistring
Ein ny rapport på oppdrag for Digitaliseringsdirektoratet har kartlagt den digitale kompetansen i befolkninga. Nesten alle dei vaksne innbyggarane i Noreg brukar internett og digitale verktøy i kvardagen. Forskjellane handlar ikkje om tilgang, men korleis ulike grupper meistrar digitale løysingar.
– I arbeidet med Digidagane ser vi det same biletet. Dei fleste har utstyr og tilgang til nettet, men mange kjenner seg utrygge når dei skal bruke det . Behovet for kunnskap og tryggleik går att både i rapporten og i innsiktsarbeidet vårt, seier Kenneth Eidsvåg Oppedal.
Digidagane er ei nyvinning som skal finne stad på hovudbiblioteket i Bergen 21.–24. oktober 2026. Over fire dagar går Bergen kommune og fleire andre aktørar saman om å tilby foredrag og personleg rettleiing om bruk av digitale tenester.
LES RAPPORTEN: Digitale forskjeller består
Alle skal kunne delta
– Vi som jobbar med digitalisering har fått eit klart oppdrag frå politikarane om å jobbe for å sikre digital inkludering. Målet er at alle innbyggarane i Bergen skal ha høve til å delta, også i eit samfunn som blir meir og meir digitalisert. Digidagane er eitt av fleire tiltak for å få dette til, seier Eidsvåg Oppedal.
Undersøkinga frå Digitaliseringsdirektoratet viser at arbeid er den viktigaste plassen å utvikle digital kompetanse. Dei som står utanfor arbeid vil ha mindre sjanse til å utvikle slik kompetanse. Dette er med på å skape digital ulikskap.
Manglande kunnskap gjer folk utrygge
Kjensla av manglande tryggleik er eit hinder for å bruke digitale tenester. Det skuldast manglande kunnskap om korleis du opptrer sikkert på nettet og korleis du vurderer kva informasjon og avsendarar som er truverdige.
– Under Digidagane kan deltakarane lære korleis dei sjølv avslører forsøk på svindel. Vi har mange foredrag om alle slags digitale tenester som du har bruk for i kvardagen. På same stad kan du også få personleg rettleiing til å bruke digitale løysingar på ein god og trygg måte, seier Kenneth Eidsvåg Oppedal.