Overrekkinga ved Kystkultursenteret i Sandviken markerte ein viktig milepæl for laget, som no igjen kan segle på tokt under bergensk flagg.
Fleire av dei frammøtte hadde kledd seg i vikinginspirerte klede, og stemninga var både høgtideleg og festprega då gjøsen vart heist, sjølvsagt akkompagnert av buekorps, ein bergensk kulturtradisjon som jo strekker seg nesten tilbake til vikingtida. Nesten.
Atter ein gjøs
Skipet har tidligare hatt ein tilsvarende gjøs, eller skipsflagg, i masta, men det kan gå hardt for seg under vikingane sine herjingar, og gjøsen vart etter kvart utsleten og øydelagt. Vikinglaget tok difor kontakt med Bergen kommune for å søke om ein ny.
– Dette har vi verkeleg sett fram til, sa Sissel Aga frå Vikinglaget Haakon Haakonsson. Ho stilte i ein tilsynelatende tidsriktig og vikinginspirert kjole med kappe.
– For oss er det viktig å vise at skipet høyrer heime i Bergen. Når vi siglar langs kysten eller til utlandet, er det ekstra stas å kunne føre Bergen sitt byvåpen. Vi er svært takksame, kvad Aga.
Rekonstruksjon av Gokstadskipet
Langskipet Haakon Haakonsson er ein nedskalert rekonstruksjon av Gokstadskipet. Båten blir forvalta og drifta på dugnadsbasis av Vikinglaget Haakon Haakonsson, ein frivillig organisasjon som arbeider for å fremje kunnskap om vikingtidas skip, segling, historie og handtverk.
Medlemma ivaretek tradisjonshndtverk og gjennomfører jevnleg seglasar både i Noreg og i utlandet og deltek på ulike arrangement, der skipet fungerer som eit levande formidlingsverktyg.
Havbyen Bergen
Byrådsleiar Christine Meyer sto for den offisielle overrekkinga og trekte fram Bergen som ein havby med lange historiske linjer i sin tale.
– Bergen har i over tusen år vore bygd på sjøfart, handel og møter mellom menneske. Frå vikingane si ferd over opne hav og fram til vår tid og Havbyen Bergen, har sjøen knytta byen vår til verda, sa byrådsleiaren.
Ho understreka og at gjøsen er eit synlig teikn på tilhøyrsla til Bergen og på fellesskapet mellom fortid og notid.
– Med entusiasme, handtverk og formidling held de historia levande. De minner oss om kor vi kjem frå, og kvifor sjøen alltid vil vere ein viktig del av Bergen sin identitet. Denne gjøsen er eit synlig teikn på det, sa Meyer
Vikinglaget Haakon Haakonsson held til ved Kystkultursenteret i Sandviken og tilbyr mellom anna kurs, temakveldar og formidling knytta til vikingkultur.