Thune kjem frå ei divisjonsdirektørstilling i Blå Kors Norge, og har brei erfaring frå leiarstillingar i stat, kommune og privat sektor.
– Vi er veldig glade for å få inn ein så erfaren og dyktig leiar i denne viktige stillinga for Bergen kommune. Thune har solid leiarerfaring frå både stat, kommune og det private, og også kompetanse innan arbeid med gruppa born og unge. Vi er trygge på at dette er eit godt val og ein verdifull ressurs for oss framover, seier byrådsleiar i Bergen, Christine Meyer. Det er byrådsleiar som innstiller til stillinga som kommunaldirektør, det øvste administrative leiarnivået i kommunen.
Viktig samfunnsoppdrag
Thune har mellom anna vore rådmann i Sund (no del av Øygarden kommune) og avdelingsdirektør i BUFETAT region vest. Han har utdanning frå helse- og sosialhøgskulen, og mastergrad i organisasjon og leiing.
– Eg er audmjuk og takksam for tilliten for eit så viktig samfunnsoppdrag, og gler meg til å få vere med på å vidareutvikle gode og effektive tenester for innbyggarane i Bergen, seier Thune.
Ser fram til å ta fatt
Thune trekker fram at han gjennom ulike roller dei siste åra har hatt konstruktivt samarbeid med både administrativ og politisk leiing i Bergen kommune.
– Eg ser fram til å ta fatt på oppgåvene, vel vitande om at eg kjem til ein stor kompetanseorganisasjon, med dyktige og dedikerte folk på alle nivå, seier Thune.
Stillinga er ei åremålsstilling på seks år. Thune vil etter planen tiltre ved årsskiftet.
Les dokumenta i saka frå byrådet sitt møte torsdag 25. september
SJÅ OGSÅ: Les sakene frå byrådet 25. september