🚫Lekkasje fra en privat kum har ført til forhøyede verdier av E.coli i Kalvtrevika/"Heggen". Bading frarådes inntil videre.
Etat for miljørettet helsevern tar de helsemessige vurderingene når det gjelder badevannskvalitet, og er de som står for fraråding/stenging av badeplassene. For mer informasjon, ta kontakt med de på mhv@bergen.kommune.no .
Se også Bergen kommune - Badevannskvalitet
-----
Badevasskvaliteten på Kalvtrevika/«Heggen» er stort sett god, men det kan førekomme periodar med redusert kvalitet. Dette er i hovudsak knytt til mykje nedbør, og bading blir frårådd eitt døgn etter større nedbørsmengder.
Både norsk og EUs regelverk byggjer på at badeplassen si badevasskvalitet må vurderast ut frå målt vasskvalitet over fleire år.
Les mer om Mye nedbør = dårlig vannkvalitet
Fasilitetar
«Heggen» er ein liten, lokal badeplass med ei lita sandstrand og tre dekar graslette.
Badeplassen har bord og benkar, toalett, bosspann og offentleg ettersyn. Badeplassen blir overvaka frå mai til august/september for å sikre god badevasskvalitet.
Plassering og tilkomst
Kalvtrevika ligg i Hegglandsvika i Arnavågen, sør for industriområdet. Ho ligg i gangavstand frå Arna stasjon, der du kan ta både tog og buss. Badeplassen har nokre få parkeringsplassar.
Søk etter avganger på Skyss sine nettsider eller hos VY.