Heidi har bakgrunn frå miljøteknologi og lang erfaring med prosjektleiing i både offentleg og privat sektor, er ho kjend for å gjere komplekse utfordringar forståelege og fakta tilgjengeleg – eit avgjerande bidrag for å sikre effektiv ressursbruk og berekraftig verdiskaping i regionen.
Gaustad ser på prosjektet som ein «koplingsboks» som skal få dei gode ideane ut i livet, og ho legg stor vekt på samarbeid på tvers av sektorar og fagmiljø. Ho meiner at det å vere god til å samarbeide vil vere ein kjernekompetanse i det grøne skiftet. Gjennom arbeidet med å kartlegge over 300 grøne innovasjonsprosjekt og etablere 19 grøne hubar som fokuserar på ressurseffektivisering i fylket, bidreg ho til å bygge nye verdikjeder basert på industriell symbiose og sirkulær økonomi.
På Energikonferansen deler Heidi Gaustad innsikt i korleis vi kan omstille industrien utan å stogge verdiskapinga – men tvert imot styrkje ho, gjennom kunnskapsdeling, samarbeid og målretta innsats. Hennar engasjement og evne til å gjere det komplekse forståeleg gjer henne til ein sentral bidragsytar i arbeidet med å realisere ei grønare framtid for Vestland og Noreg.