Status: Tidligfase
Prosjektbeskrivelse
Då Indre Arna skule vart avvikla i 2011, vart delar av lokala omdisponert til barnehagedrift. Eigedommen vart derfor regulert til barnehage i 2016. Bygget har per dags dato kapasitet til 69 barn. Det er ca. 1 800 m² fordelt på tre etasjar, kor berre ein etasje vert nytta av barnehagen i dag. Ombygging og rehabilitering er planlagt gjennomført for å ta heile bygget i bruk som barnehage, samt oppnå permanent godkjenning. Dette vil kunne gi ein kapasitet på omlag 130 plassar. Prosjektet vil medføre behov for erstatningslokalar. For tida vert det gjort vurderingar av kor barnehagen skal vere under prosjektgjennomføringa.
Fakta
- Prosjekttype: Rehabilitering
- Adresse: Ådnavegen 42
- Entreprise/gjennomføringsmodell: Totalentreprise .
- Areal: Ca 1800 m2
Prosjektleder i Etat for utbygging: Magne R. Eikeland