Alvøen idrettshall
Den nye idrettshallen i Alvøen er nå ferdig.
Bilde: Etat for utbygging

Byggeprosjekt Alvøen idrettshall

Alvøen idrettshall er ferdig med hallar for fleirbruk og bordtennis. Alle massane har blitt gjenbrukte lokalt på tomta. Uteområdet er òg oppgradert.

Fase: Ferdig

Prosjektskildring

Alvøen idrettshall har fått handballbane, tre sett med garderobar, eige rom for styrketrening, foajé, tribunar og bordtennishall. I tillegg til sjølve hallen er òg uteområdet oppgradert. Ei 7’ar-bane er rehabilitert og heva til same nivå som 11’ar-bana. Basketballbana er òg fiksa på.

En tribune og en spilleflate for håndball
Handballbana sett fra tribuneplass.
Bilde: Etat for utbygging
Bordtennishall.
Bordtennishallen på Alvøen.
Bilde: Etat for utbygging

Den nye hallen er plassert ved ei kolle. Delar av kolla måtte sprengast bort. Prosjektet har freista å utvikle ein idrettshall med eit nedskalert volum som passar til terrenget. 

Areala legg i stor grad til rette for fleirbruk og ulike typar arrangement. Det totale bruttoarealet er på 4.000 kvadratmeter. Hallen er reist tett på den eksisterande idrettsparken i Alvøen. 

Alvøen idrettshall med kunstgrasbane
Idrettshallen sett frå kunstsgrasbana.
Bilde: Hans-Kristian Jacobsen, Rambøll

Prosjektet har funne løysingar for å bruke om att alle massane på tomta. Det har gjort at omgjevnaden vart spart for 16.500 lastebilturar. Hallen er primært bygd i massivtre og limtredragarar. 

Grunnfundamenta består av lavkarbonbetong. Idrettshallen er òg prosjektert med solcelleanlegg på taket. Saman med andre energiløysingar kjem hallen til å bli eit nær nullenergibygg.

Prosjektet er utvikla etter ein konkurranse der deltakarane leverte inn sine løysingsforslag for idrettshallen. HENT AS blei vinnar i konkurranse med to andre tilbydarar. 

Tomta har vore krevjande for prosjektet. Hallen er tilpassa omgivnaden. Den valde løysinga reduserte uttaket av massar til om lag 7.500 m3. Bygget er terrassert inn i terreng for å få dette til. 

På taket er det 800 kvadratmeter med solceller. Dette skal kunne produsere straum tilsvarande 115.500 kWh i året. I byggeperioden har solcellene levert byggestraum til prosjektet.

Fakta

  • Adresse: Alvøveien 48
  • Bruttoareal: 4.050m² (Idrettshall 3.950 m²) 
  • Kapasitet: Stor idrettshall med fleirbrukshall og bordtennishall for 800 samtidige brukarar.
  • Budsjett: 254,7 millioner kroner
  • Entrepriseform: Samspel til totalentreprise (overgang til totalentreprise.)
  • Totalentreprenør: HENT AS
  • Arkitekt: Longva arkitekter AS
  • Landskapsarkitekt: Grindaker AS
  • Rådgivende ingeniør: Cowi AS
  • Byggestart nybygg: 3./4. kvartal 2023
  • Overlevert byggherre: 12. juni 2025

Prosjektleiar i Etat for utbygging: Chris Johannesson