Kulturhuset Danckert Krohn
Kulturhuset Danckert Krohn skal restaurerast og byggast om.
Bilde: Nina Blågestad

Byggeprosjekt - Kulturhuset Danckert Krohn

Kulturhuset Danckert Krohn skal restaurerast og byggast om. Delar av det freda bygget fra 1789 har omfattende setningsskader.

Status: Byggefase

Prosjektbeskrivelse

Kulturhuset Danckert Krohn ligg i Kong Oscars gate i Bergen sentrum. Hovudbygget blei oppført i 1789 som ein aldersheim. Bruken er sidan endra til dag- og kulturaktivitetar for eldre og andre målgrupper.

Delar av bygget har omfattande setningsskadar. Det er stort behov for å gjere bygget meir eigna for dagens bruk. Difor er det tenkt gjennomført ei større oppgradering av bygget både inne og ute.

Kulturhuset Danckert Krohn med tilbygget frå 70-talet.
Kulturhuset Danckert Krohn med tilbygget frå 70-talet.
Bilde: Nina Blågestad

Prosjektet vil omfatte bruksendring og totalrestaurering av heile eigedomen. Stovene i midtbygget og korridorane på sidefløyene vert meir eller mindre uendra.

For nordfløyen skal det gjerast ei kontrollert oppjekking og det skal kome nye sålefundament under store delar av fløya. Heile andre høgda skal byggjast heilt om for å få på plass aktivitetsrom. Heile bygget med kafebygget frå 70-talet skal få sprinkleranlegg. Tekniske installasjonar skal også oppgraderast. Det skal lagast bossrom for kulturhuset og kaféen.

Danckert Krohn-bygget blei freda i 1927. Difor vil kulturminnelova vere retningsgivande for store delar av dei arbeida som skal gjennomførast. Bygget har berre vore gjennom ei større ombygging sidan det blei reist i 1789. Det er kafetilbygget som kom på 70-talet.

Fakta

  • Prosjekttype: Restaurering
  • Adresse: Kong Oscarsgate 54
  • Generalentreprenør: Åsane byggmesterforretning AS
  • Byggestart: September 2021
  • Ventet ferdig: Årsskiftet  2024-2025
  • Entreprise/gjennomføringsmodell: Utføringsentreprise
  • Areal: 830 m²
  • Miljø og klima: Fossilfri byggeplass. 90% sorteringsgrad
  • Total investeringsramme: 193 mill.

Prosjektleiar i Etat for utbygging: Eyjolfur Bjørgvin Gudbjørnsson