Status: Byggefase
Prosjektskildring
Den første ungdomsskulen på tomta kom i 1970 og var i drift fram til juni 2021. Tilstanden på det dåverande skuleanlegget var dårleg. Bystyret vedtok å rive det gamle skulebygget og erstatte det med eit nybygg. Idretts- og symjehallen er tatt vare på og rehabilitert.
Nybygget er i hovudsak utført i massivtre, med unntak av underetasje og heissjakter i betong. Nybygget har om lag det same fotavtrykket som den forrige skulen, men vil vere ein etasje høgare.
Bygget er delt i to innvendig med eit kommunikasjonsareal. Heimeområda til elevane ligg mot aust, mens alle spesialrom, bibliotek og stort formidlingsrom ligg mot vest.
Kantina, kjøken og forskarrom er strategisk plassert i 1. etasje med direkte utgang til uteareal med kjøkenhage. Skolens administrasjon ligg plassert i 2. etasje, saman med skulehelsetenesta.
Elevenes heimeområde er fordelte utover dei tre øvste plana, kor alle har desentraliserte inngangar. Arbeidsplassane til lærarane er desentraliserte og plasserte i kvar etasje.
Den forsterka avdelinga har behov for å kunne skjermast og er plassert i underetasjen. Det gir høve til å skjerme elevane når dei kjem til skulen og utearealet deira. Elevane på avdelinga har full tilgang til skulen elles.
Areala på skulen er utforma med tanke på fleirbruk. Hovudinngangen vil føre rett inn i vestibylen. Vestibylen har dobbel etasjehøgd med golv-til-tak-vindauge. Det er vid utsikt mot vest.
Bygget skal sertifiserast etter BREEAM-NOR Very Good og ha passivhus-standard. Energibrønnar skal forsyne bygget med varme.
Det er stilt fleire rekkefølgekrav i reguleringsplanen. Dei må vere gjennomførte før skulen kan takast i bruk.
Fakta
- Adresse: Garnesvegen 88, 5260 Indre Arna
- Anleggsstart: 2022
- Ferdig: Januar 2026
- Entreprise/gjennomføringsmodell: Totalentreprise
- Areal: ca. 9000 m²
- Totalentreprenør: Skanska
- Arkitekt: Terje Grønmo arkitekter as
- Prosjekteringsgruppe: Malnes & Endresen AS
- Total investeringsramme: 806 mill.
Prosjektleiar i Etat for utbygging: Geir Garlid