Geir Garlid har gått på, rive og bygd opp att Garnes ungdomsskule. Frå stoveglaset heime ser prosjektleiaren i Etat for utbygging rett ned på austveggen til skulen.
– Eg trur det skal gå bra å vise fram sluttresultatet for naboane mine. Dei kan sjølvsagt vere usamde, men eg trur dei fleste synest dette er blitt bra, seier Geir Garlid.
Flyttar inn i januar
Januar 2026 vert det liv og røre i det nye skulebygget. Då kjem dei 417 elevane tilbake frå erstatningsskule i nabolaget. Den nye ungdomsskulen rommar òg ei forsterka avdeling for inntil 20 elevar med spesielle behov. Skulebygget frå 1970 vart rive, men idrettshallen frå same år er rehabilitert.
– No heldt vi på med å gjere uteområdet ferdig. Så skal vi rette opp mindre manglar som er avdekka. Vi får snart overlevert bygget frå entreprenøren, og då tar vi til med møbleringa, fortel Garlid.
Prosjektleiaren er veldig nøgd med samarbeidet han har hatt med entreprenøren Skanska og deira underleverandørar. Like ved er det anleggsarbeid i Garnesvegen for å gjere trafikken tryggare. Dette er ein del av rekkefølgekrava som må vere på plass før skulen kan takast i bruk.
Nesten utan utslepp
Det har blitt grønt og fint rundt skulebygget. Prosjektet har òg vore ein pilot for Etat for utbygging i å gjere byggeplassane deira heilt frie for utslepp.
– Det har vore ein utsleppsfri byggeplass, men vi fekk ei utfordring då vi skulle bore energibrønnar. Slik brønnar har vi 37 stykke av og dei er 300 meter djupe. Vi fekk ikkje tak i elektriske maskiner til å gjere den jobben. Brønnane har øydelagd litt for utsleppsrekneskapen, seier prosjektleiar Geir Garlid.