Demninga ved Gamsebotstjørna, også kalla «Gamsen», ligg på Sætrefjellet i Ytre Arna. Demninga stammar frå tidleg på 1900-talet og vart bygd i to etappar. «Gamsen» vart brukt som drikkevasskjelde i Bergen kommune fram til 2019, og fungerer no som krisevasskjelde. Magasinet ligg i eit område med mykje tur- og friluftsliv, og har blitt ein kjærkomen badeplass.
Etter ei vurdering i 2018 vart det konkludert med at steindemninga ikkje oppfyller dagens tryggleikskrav, og at ho må sikrast betre mot dambrot.
Dam Gamsebotstjørna rehabiliterast
Basert på ei samla vurdering har Bergen Vann kome fram til at ei rehabilitering framstår som det beste alternativet. Planane er godkjende av NVE, og gjennomføringsvedtaket for rehabilitering av Dam Gamsebotstjørna vart vedteke i Byrådet 20. november 2025.
Gjennomføringsvedtak for rehabilitering av Dam Gamsebotstjørna - Byrådet 20. november 2025.
Status pr februar: Hogstarbeid
I løpet av veke 7 startar hogstarbeidet ved Gamsebotstjørna. Arbeidet omfattar fjerning av større tre for å klargjere området til komande anleggsarbeid. Hogsten må gjennomførast no på grunn av hekketida tjil fuglane (mars–midten av juli).
Enkelte stiar rundt vatnet kan bli mellombels stengde medan hogstarbeidet pågår. Eventuelle spørsmål kan rettast til byggjeleiar (sjå kontaktinformasjon lenger nede).
Sjølve anleggsarbeida er planlagde å starte seinare i år, truleg i april/mai 2026.
Senkning av vannstand
Magasinet må tappast ned til om lag 7 meter under normalt vasstandsnivå før rehabiliteringsarbeida kan ta til. Nedtappinga vil starte i løpet av våren 2026. Rehabiliteringsarbeidet skal vere ferdig innan utgangen av 2026. Normal vasstand i Gamsebotstjørna er venta å vere nådd vinter/vår 2027, avhengig av nedbørsmengdene i månadene før.
Sida vil bli oppdatert etter kvart.
Byggherre: Bergen Vann – Bergen Kommune
Prosjektleiar: Matthias Eugster, matthias.eugster@bergen.kommune.no Byggingsleiar: Tobias Skoglie Liaklev, tobias.liaklev@bergen.kommune.no
Døgnåpen Vaktsentral Tlf. 55 56 78 15
Meld inn feil til Bergen kommunes døgnbemannede Vaktsentral