Aktuell informasjon
- Første delstrekning og arbeidene ved Bjørnarhallen er tilnærmet ferdig og arbeidene fortsetter sørover langs fylkesvegen med boring, sprenging, pigging og graving av grøfter.
- Gjenstår noe asfalteringsarbeider, skilting, og montering av lysmaster
- Midlertidig bussholdeplass i nordgående retning er reetablert, med midlertidig skur.
- Arbeidene med av- og påstigningsplass for buss ved Garnes Ungdomsskole fortsetter en stund til.
- Det vil foregå arbeider i Garnesvegen gjennom sommeren og trafikken vil være regulert i denne perioden også.
**********************************************************
Status: Byggefase
Prosjektskildring
Reguleringsplanen for den nye ungdomsskulen på Garnes stiller fleire krav om kva som må vere på plass før skulen kan takast i bruk. Tiltaka i krava skal gjere tryggleiken for trafikantane betre, legge til rette for skulebuss og parkering for ungdomsskulen.
Prosjektet strekkjer seg frå avkøyrselen til Garnesvegen nr. 69/71 langs fylkesvegen nordover til og med avkøyrselen til Bjørnarhallen.
- Tiltaka omfattar mellom anna stenging av avkøyrselen frå Vestlivegen for biltrafikk. Vegen vert stengd ved Vestlivegen nr. 17/15B.
- Avkøyrselen ved Garnesvegen 68-74 skal flyttast, slik at han kjem vinkelrett på fylkesvegen.
- Avkøyrselen til Garnesvegen 74 vert flytta frå austsida til vestsida av gardsplassen.
- Avkøyrselen til Kjelåvegen og ungdomsskulen vert flytta opp mot Kjelåvegen 1.
Det skal byggjast fortau på vestsida av Garnesvegen mellom Garnesvegen 74 og Kjelåvegen 1. Gangvegen mellom fortau langs Garnesvegen og Bjørnarhallen skal opparbeidast.
Snuplassen for Garnes ungdomsskule skal byggast om til ein plass kor skulebussar skal kunne sleppe av og plukke opp skuleelevar. Parkeringsplassen til Arna vidaregånde skule skal utvidast.
Talet på krysningspunkt for forgjengarar vil vere det same, men dei kan bli flytta noko. Fartsgrensa som er i dag vil framleis gjelde.
Det skal også leggjast nye grøfter for infrastruktur i bakken og det vil kome nye veglys langs traseen.
Fremdrift
Arbeida er venta å vare frå januar 2025 til oktober 2025. Den korte byggetida gjer at ein kan vente arbeid på fleire punkt samstundes i anleggsområdet.
Framkomst i anleggstida
For å ta vare på tryggleiken i anleggsperioden, er det behov for midlertidig å regulere og legge om trafikken og gangtraséar for fotgjengarar. Dette vil bli samkøyrt med vegstyresmaktene.
Kontaktinformasjon
Generalentreprenør: Sartor Drange AS
Prosjektleder Trond Svendheim
epost: trond.svendheim@sartordrange.no
mobil: 479 22 861
Formann Hans Marius Eide
epost: hans.marius.eide@sartordrange.no
mobil: 476 37 543
Byggeleder Artec / Bergen kommune:
Jan Ole Seim
epost: jos@artec.no
mobil: 932 36 705
Prosjektleder Bergen kommune
Andreas Nordstrønen
epost: andreas.nordstronen@bergen.kommune.no
mobil: 406 29 737