Ein hest produserer 8-10 tonn gjødsel i året. Det er viktig at næringsstoffa blir tatt vare på og nytta til planteernæring og jordforbetring. Her finn du tips og info om regelverket rundt bruk av hestegjødsel som en ressurs på garden.
Ein hest produserer 8-10 tonn gjødsel i året. Det er viktig at næringsstoffa blir tatt vare på og nytta til planteernæring og jordforbetring. Her finn du tips og info om regelverket rundt bruk av hestegjødsel som en ressurs på garden.
Årleg produksjon av næringsstoff i hestemøkk frå ein hest er utrekna til 50 kg nitrogen, 9 kg fosfor og 60 kg kalium per år. Klarer du å lagre og handtere gjødsla på forsvarleg vis, har du ein ypparleg ressurs til gjødsling av jorda di.
Du må ha nok spreieareal for å bruke hestemøkk til gjødsling av planteveksten på garden. Ein skal vera oppmerksam på at nye krav krever eit behov for opp mot 50 % meir spreieareal per hest enn tidlegare regelverk.
Det er berre fulldyrka jord og overflatedyrka jord som er godkjent som spreieareal. I utmark og på innmarksbeite kan du ikkje spreie husdyrgjødsel utan godkjenning frå kommunen.
Det er ikkje lov å selje gjødsel av organisk opphav (husdyrmøkk) utan løyve frå Mattilsynet. Manglar du spreieareal, kan du levere hestemøkken til eit godkjent mottak, eller til ein landbrukseigedom i drift. Der skal gjødsla inngå i gjødselplan og landbruksføretaket må dokumentere at garden treng meir gjødsel. Avtale om levering skal vere skriftleg.
Deponering av hestemøkk er ikkje lov, og kan auke faren for ureining og rotteplage. Har du ikkje spreieareal, må du ha konteinar og levere møkka til eit godkjent mottak.
Lagring og bruk av husdyrgjødsel er regulert i Forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv.
Mattilsynet har laga ein rettleiar til gjødselvareføreskrifta.
Husk å lage ein plan for korleis du skal handtere hestemøkka. Søkjer du produksjonstilskot, må du ha ein gjødselplan, og det er utarbeidd eigen føreskrift om gjødselplanlegging: Forskrift om gjødselplanlegging
1. mars til og med 15. september. Det skal same år høstes eller etablerast plantevekst etter siste spreiing.
Norsk senter for økologisk landbruk (Norsøk) har saman med Skjetlein vgs. og Norsk Landbruksrådgiving Trøndelag laga eit flott kurshefte om hestemøkk som ressurs. Les og lær frå heftet som er vedlagt: