Innskriving 1. klasse 2026/2027
For å førebu oss på å ta i mot ditt barn treng vi informasjon frå deg:
- Godkjenning til at vi kan kontakte barnets barnehage, PPT og helsestasjon for overføring av nødvendig informasjon.
- Informasjon om kva som er barnets morsmål, dersom det er noko anna enn norsk.
- Medisinske opplysninger som du meiner vi på skulen treng å vite om.
- Informasjon om ønska målform (bokmål/nynorsk).
Det er viktig at opplysningane du sender blir behandla trygt og sikkert. Vi vil ikkje at du sender oss disse opplysningane på epost. Difor ber vi deg om å nytta innskrivingsskjemaet du finn på skulens heimeside. Då vert henvendinga lagt direkte i vårt arkivsystem, og ditt og barnets personvern vil bli ivareteke.
Hvis du, eller ditt barn, ikkje har norsk fødselsnummer (11 siffer), vil ikkej skjemaet virke. Du må då ta kontakt med oss på telefon, eller ved oppmøte.
Målform
Etter opplæringslova § 3-1 kan føresette sjølv velje kva målform barna skal ha i den skriftlege opplæringa. Informer oss om du ønskjer at opplæringen skal skje på ei anna målform enn skulens hovudmål, nynorsk. Les meir på: www.bergen.kommune.no Søkjeord: "Målform i grunnskolen"
SFO-plass
Etter påskeferien er det mulig å søkje SFO-plass hos oss. Alle som søkjer får plass. Lenkje til søknadsskjema og meir informasjon om dei ulike plasstypane og prisar finn du på www.bergen.kommune.no Søkjeord: “SFO”.
Redusert betaling for SFO-plass
Hvis husstanda tjener mindre enn 350 000 kroner, vil barn i 1. klasse få gratis SFO. Når du har motteke skattemeldinga for 2025 kan du søkje om redusert betaling som skal gjelde frå høsten av. For å kunne søkje om redusert betaling må du ha søkt og takka ja til tilbod om SFO-plass. Hugs at du må sende inn ein ny søknad om redusert foreldrebetaling for kvart skuleår.
Vigilo
Skulen og SFO brukar Vigilo til digital kommunikasjon og informasjon gjennom Vigilo føresettportal og Vigilo app. Vi tilrår alle føresette til å laste ned Vigilo-appen. Dette er vår kanal for digital kommunikasjon mellom heim og skule, og ved å bruke appen sikrar du at du alltid får med deg viktig informasjon om barnet ditt.
Skuleskyss
Du kan lese om ordninga med skuleskyss på: www.bergen.kommune.no, søkjeord: "skoleskyss".
Førskuledag
Det vert litt seinere på våren sendt ut invitasjon til:
- førskuledag med foreldremøte 4.juni
- SFO-lunsj siste veka før sommerferien
For mer informasjon:
Se skulens heimeside på #Enhet hjemmeside og artikkelen «Bergensskolen ønsker deg velkommen».
For å finne innskrivningsskjemaet, søk etter "Skolestart" på bergen.kommune.no
Vi treng informasjonen så snart som mogleg og håpar de kan sende det inn seinast 12.04.2026.
Meir informasjon finn du på nettsida Bergensskolen ønsker deg velkommen