Velkomen til nytt skuleår her på Ådnamarka.
Første skuledag er måndag 18. august og vi følgjer i hovudsak Bergen Kommune sin plan for oppstart, med ein liten justering for 5. trinn.
2., 3. og 4. trinn har skule frå kl.08.30-11.00. SFO frå kl.11.00.
5. trinn har skule frå 11.15-13.45. Dei skal syngje for 1. trinn kl. 11.30.
6. og 7. trinn har skule frå kl.11.30-14.00.
Vi gler oss ekstra mykje til å ønskje 1. trinn velkomen til skulen. Dei møter kl.11.30 på fotballbana. Alternativt inne i kultursalen ved dårleg vêr. Skuledagen for 1.trinn er ferdig kl.13.30.
Planleggingsdag for skule og SFO fredag 15. august. SFO held stengt denne dagen.