I veke 43 vert det trafikkaksjon på skulen i regi av FAU. Det kjem til å vere trafikkvakter i gule vestar ute frå klokka 08:00 til 08:30 kvar dag denne veka. Oppgåva deira er å vere synlege i trafikkbildet rundt skulen, og å veilede trafikantar ved behov. Me vil oppfordre alle gåande til å bruke refleks, og minner alle bilistar om å parkere med fronten ut på skulen sin parkeringsplass.
Me vil fortsatt ha ekstra fokus på Eikhaugen, då me har sett tidlegare at det er her behovet er størst. Her er det Hjertesone, noko som betyr at det skal vere bilfritt før, under og etter skuletid. Eikhaugen skal ikkje brukast til gjennomkøyring, og elevar skal ikkje sleppast av her. Bruk Stølsvegen, og slepp av på angitt plass i rundkøyringa ved fotballbana. Dette gjeld alle bilistar, men me vil særlig anmode dei som har store køyretøy (lastebiler o.l.) om å IKKJE bruke Eikhaugen. Her går det mange barn til skulen, og det blir fort skumle situasjonar.
Det beste er å la barna gå til skulen om det er mogeleg. Det har dei godt av, og me skaper eit mykje tryggare trafikkbilde om me reduserer antalet bilar som køyrer til og frå skulen om morgonen og ettermiddagen. Me oppfordrar alle foreldre til å lese om Hjertesone-prosjektet her: https://www.tryggtrafikk.no/media/pressemeldinger/hjertesone-rundt-alle-skoler-i-bergen/
Me oppfordrer foreldre som har anledning til å melde seg som trafikkvakter, send e-post til ingvild.eggerud@gmail.com. Håper mange kan vere med å bidra.
I høve refleksens dag, vert det delt ut refleksmateriell på alle trinna. Hugs refleks!
Mvh FAU