Innskriving 1.trinn 2025/2026

Her kan du som forelder til skolestarter hausten 2025 finne viktig informasjon.

For å kunne ta imot ditt barn treng vi noko informasjon frå deg. 

· Godkjenning på om vi kan kontakte barnet sin barnehage, PPT og helsestasjon for overføring av nødvendig informasjon. 

· Informasjon om barnet sitt morsmål dersom det er noko anna enn norsk. Informer då om kva språk som er morsmål.

· Medisinske opplysningar som du meiner vi på skulen treng å vite (dette kan også vere ulike matallergiar/intoleransar). 

Det er viktig at opplysningane du sender blir behandla trygt og sikkert. Derfor ber vi deg nytte innskrivingsskjemaet som du finn på skulen si heimeside. Da vil skjemaet bli lagt direkte i vårt arkivsystem, og ditt og barnet sitt personvern vil bli ivareteke. Vil vil ikkje at du sender oss desse opplysningane på epost. Denne lenken sender deg direkte til skjemaet.  
Skjemaet finn du også ved å gå inn på artikkelen Skolestart på kommunen sine heimesider. 

Viss du eller ditt barn ikkje har norsk personnummer (11 siffer), vil ikkje skjemaet virke. Då må du kontakte oss på telefon eller komme på skulen og snakke med oss. 

Etter påskeferien er det mogeleg å søke SFO-plass hos oss. Alle som søkjer får plass. Informasjon om søknad, plasstyper og prisar finn du på denne innbyggerhjelpen.

Viss husstanden tener mindre enn 570 900 kroner, kan du søkje om redusert betaling for SFO. Dersom inntekta er 350 000 kroner eller lavare, vil barn på 1.trinn på SFO få gratis heil plass. Når du har motteke skattemeldinga for 2024, kan du søkje om redusert betaling som skal gjelde frå hausten av. For å kunne søkje om redusert betaling må du ha søkt og takka ja til tilbod om SFO-plass. Hugs at du må sende inn ny søknad om redusert foreldrebetaling for kvart skuleår. Informasjon om korleis du søkjer finn du på denne innbyggerhjelpen. 

Vi gler oss til å bli kjent med dykk! Garnes skule ønskjer at både våre nye førsteklassingar og føresette skal få ein trygg og god skulestart. Her er noko informasjon om kva de kan vente fram mot skulestart. 

Samarbeid med barnehagane er godt i gong. Vi har hatt møte med barnehagane for å gje kvarandre informasjon om kvardagene våre. I løpet av våren kjem ein tilsett frå skulen og SFO på besøk til dei barnehagane i Arna som har fleire barn som skal byrje på Garnes skule. Barnehagane får invitasjon til ein fellesdag på skulen og dei får også tilbod om å besøke skulen når det passar for dei. 

Torsdag 5.juni har vi planar om å gjennomføre besøk for barn og foreldre på skulen på ettermiddag/kveld. Det kjem invitasjon ca. to veker før besøksdagen. 

Bergen kommune nyttar Vigilo som kommunikasjonskanal. Via Vigilo skal ein sende meldingar i staden for å nytte meldebok. Skulen legg også ut diverse nyhende og informasjon frå kommunen i Vigilo. Last gjerne ned appen no, slik at den er klar til bruk til skulestart. 

Ønskjer de meir informasjon, er usikre eller lurer på noko, sjå nettsida Velkommen til bergensskolen , skulen si heimeside eller ta kontakt med skulen på e-post: garnes.barneskule@bergen.kommune.no.