For å kunne førebu oss på å ta imot ditt barn, treng vi noko informasjon frå
deg:
- Godkjenning på om vi kan kontakte barnet sin barnehage, PPT og helse-stasjon for overføring av nødvendig informasjon.
- Informasjon om barnet sitt morsmål dersom det er noko anna enn norsk.
- Medisinske opplysningar som du meiner vi på skulen treng å vite (dette kan også vere ulike matallergiar/intoleransar).
Det er viktig at opplysningane du sender blir behandla trygt og sikkert.
Derfor ber vi deg nytte innskrivingsskjemaet som du finn på skulen si heimeside. Da vil skjemaet bli lagt direkte i vårt arkivsystem, og ditt og barnet sitt personvern blir ivareteke. Vi vil ikkje at du sender oss desse opplysningane på epost. Denne lenken sender deg direkte til skjemaet. Skjemaet finn du også ved å gå inn på artikkelen Skolestart på kommunen sine heimesider.
Viss du eller barnet ditt ikkje har norsk personnummer (11 siffer), vil ikkje
skjemaet virke. Då må du kontakte oss på telefon eller komme på skulen og snakke med oss.
Målform
Etter opplæringslova §3-1 kan foreldre sjølv velje kva målform barna skal ha i den skriftlege
opplæringa. Informer oss om du ønskjer at opplæringa skal skje på ei anna målform enn skulen sitt hovudmål. Garnes skule har nynorsk som hovud-mål. Les meir på: www.bergen.kommune.no. Søkjeord: "Målform i grunnskolen" .
SFO-plass
Etter påskeferien er det mogeleg å søkje SFO- plass hos oss. Alle som søkjer får plass. Informasjon om søknad, plasstyper og prisar finn du på denne innbyggerhjelpen.
Redusert betaling for SFO-plass
Viss husstanden tener mindre enn 350 000,- kroner, vil barn på 1.trinn få gratis SFO. Når du har motteke skattemeldinga for 2025, kan du søkje om redusert betaling som skal gjelde frå hausten av.
For å kunne søkje om redusert betaling må du ha søkt og takka ja til tilbod
om SFO-plass. Hugs at du må sende inn ny søknad om redusert foreldrebetaling for kvart skuleår. Informasjon om korleis du søkjer finn du på denne innbyggerhjelpen.
Vigilo
Skulen og SFO nyttar Vigilo til digital kommunikasjon og informasjon
gjennom Vigilo foreldreportal og Vigilo app. Last gjerne ned appen no, slik
at den er klar til bruk til skulestart. Dette er vår kanal for digital
kommunikasjon mellom heim og skule, og ved å nytte appen sikrar du at dualltid får med deg viktig informasjon om barnet ditt.
Informasjon frå skulen
Vi gler oss til å bli kjent med dykk! Garnes skule ønskjer at både våre nye
førsteklassingar og foreldre skal få ein trygg og god skulestart. Her er noko
informasjon om kva de kan vente fram mot skulestart.
Samarbeid med barnehagane er godt i gong. Vi har hatt møte med
barnehagane for å gje kvarandre informasjon om kvardagane våre. I løpet
av våren kjem ein tilsett frå skulen og SFO på besøk til dei barnehagane i
Arna som har fleire barn som skal byrje på Garnes skule. Barnehagane får
invitasjon til ein fellesdag på skulen og dei får også tilbod om å besøke skulen når det passar for dei.
Torsdag 4.juni har vi planar om å gjennomføre besøk for barn og foreldre på skulen på ettermiddag/kveld. Det kjem invitasjon ca. to veker før
besøksdagen.
Meir informasjon finn du på nettsida Bergensskolen ønsker deg velkommen