Garnes skule, oppeplassen
Garnes skule, oppeplassen

Velkomen til Garnes skule - skuleåret 2025-2026

SFO opna fredag 1.august. Første skuledag er måndag 18.august. Fredag 15. august er det planleggingsdag, SFO og skulen er stengt.

SFO er open kvar dag alle dagar før skulen startar, med unntak av fredag 15.august då det er planleggingsdag for alle tilsette. 

Måndag 18.august heiser vi flagget, og feirar første skuledag på Garnes skule! Vi gler oss stort til å sjå alle igjen, og til å ta mot nye elevar både på 1.trinn og elles. 

Det blir ein litt kortare dag enn vanleg denne første dagen, 18.august:

2.-4. trinn startar 08.15 og er ferdig 10.45.

1. trinn startar 11.30 og er ferdig 13.00. 

5. trinn startar 11.00 og er ferdig 13.30.

6.-7. trinn startar 11.30 og er ferdig 14.00. 

SFO er open når det ikkje er skuletilbod 18. august for dei som har plass på SFO.

Frå tysdag 19.august gjeld vanlege undervisningstider. Timeplan og anna info blir delt ut og publisert første skuledag.

Velkomen til skulestart på Garnes skule! Ta kontakt om det er noko du /de lurer på.