Her kan du lese meir om skulereglar
Forskrift om skoleregler og skoledemokrati, Bergen kommune, Vestland - Lovdata,
I tillegg til reglane ovanfor gjeld følgande for elevane ved vår skule:
1.Retningslinjer for bruk av mobiltelefon, nettbrett og samanliknbare teknologiske kommunikasjonsmedia
Garnes ungdomsskule har som mål at elevane skal utvikle høg digital kompetanse i løpet av skuletida. Elevane treng høg kompetanse på korleis ein nyttar digitale verktøy, og kva som er akseptabel bruk av desse. Alle elevar disponerer eige Chromebook/PC. Det er eige avtale for dette. Avtalen må signerast.
Reglar for bruk:
- Mobiltelefonen vert samla inn av lærar i starten av skuledagen. Du får mobilen tilbake når skuledagen er slutt.
- Det er ikkje lov å fotografere eller filme elevar og vaksne på skulen utan samtykke.
- Elevar skal ikkje bruke digitalt utstyr til å trakassere, krenke eller mobbe.
- Det er eleven sjølv sitt ansvar å hindre at digitalt utstyr vert øydelagt eller forsvinn på skulen.
Fagleg bruk av mobilt utstyr skal vere arrangert av lærar og kan vere:
- Filming og/eller fotografering av forsøk, forklaringar, teikningar på tavla.
- Filming og/ eller fotografering i KH, bilderedigering etc.
- Bruk av notat- og teikneprogram på nettbrett eller berbar PC.
- Pedagogisk programvare og app’ar som skulen tilrår, til dømes It’s Learning.
- Søk etter fagleg informasjon.
Konsekvensar av brot på reglane kan vere: Munnleg eller skriftleg melding til dei føresette, med oppmoding om at eleven ikkje har med seg det digitale utstyret på skulen.
Grove eller gjentekne brot på reglane kan føre til nedsett karakter i orden og/eller åtferd .
Dersom eleven ikkje leverer frå seg mobilen frivillig om morgonen vert føresette kontakta snarast.
Om avtalt bruk skapar uro i undervisning vert utstyret inndrege for resten av skuledagen.
Er det mistanke om at fotograferinga og/ eller lydopptaket er krenkjande, skal mobiltelefonen leverast til politiet. Eleven sine foreldre skal i slike tilfelle alltid varslast av skulen uavhengig av om også politiet tar kontakt med dei. Dette gjeld heile skuledagen og på skulevegen
Ved digital trakassering, krenking eller mobbing vil skulen kontakte politiet. Eleven kan måtte ha undervisning og pausar skild frå andre elevar. Elevar kan bortvisast for resten av skuledagen og utvisning for 1-3 skuledagar og bli vurdert.
- Lokale reglar knytt til orden: Ta ikkje med snop, brus, energidrikk på skulen
- Lokale reglar knytt til åtferd: Snøballkasting er forbode. Ball skal berre brukast ute og med omsyn til andre personar og bygg.