Presentasjon av elevane sitt arbeid i medverkingsprosessen for Storaneset

Elevane på 10. trinn har delteke i offentleg medverkingsprosess

Som ein del av den offentlege medverkingsprosessen har elevane på 10. trinn i kunst- og handverktimane jobba med ulike tema relatert til utvikling av området. Vi avsluttar no prosjektet med utstilling i gymsalen på skulen der blir forslaga vurdert av kunst og handverkslærar og ansvarlege for utviklingsplanar. 

Dette har vore eit kjekt prosjekt som viser kreative elevar som er opptatt av oppvekstmiljøet sitt. De har mange gode forslag til buområde, grøntområde, universellutforming av bygg og plassar, badeplass med stupetårn, badstue og leikar. Aktivitetshus fellesareal med skeisebane, drivhus, fine sitjeplassar og bru over Arnavågen for å nemne noko.