Marit:
Marit er avdelingsleiar for både kjøkken og reinhald. Hennar jobb er, mellom anna, å sørge for at alt er kjøpt inn og på plass når kjøkken og reinhald treng det. Ho helsar alle med eit smil og bakar dessutan kjempegode kaker.
Randi:
Randi er leirskulekokk hjå oss i Hålandsdalen – ein smilande og blid leirskulekokk. Ho er positiv og venleg når du treff ho. I tillegg er ho ein helt til å strikke og heilt rå til å gå i fjellet.
Eline:
Oppvaksen som nabo til leirskulen er Eline på mange måtar komen «heim» igjen. Eline er ein av kokkane våre – som lagar verdens beste leirskulemat. Alltid med eit smil om munnen og klar for å trø til når elevane er svoltne.
Lilli:
Vår nyaste kokk er Lilli. Ho er òg ein av dei næraste naboane til leirskulen. Lilli er smilande og blid og tar utfordringar på strak arm.
Grethe:
Grethe har ein sprudlande energi som svært få andre har, eit smil om munnen og alltid godt humør. Ho tar i eit tak der det trengs og du kan møte henne både på kjøkkenet og i matsalen.
Gunn Merethe:
Gunn Merethe er ein av oss på leirskulen som arbeider både på kjøkenet og inne i matsalen med elevar som har kjøkenteneste. Ho har alltid eit smil på lur, ein god kommentar på lager og tar i eit tak når og der det trengs.
Stine Marie:
Stine Marie er ein av våre nye tilsette ved leirskulen. Ho er ein tilflytta «Hålandsdøl». Oppvaksen austanfor, men no busett i Øvre Hålandsdal – like ved den gamle ferdselsvegen som går over fjellet til Strandebarm. Stine Marie er å finne på kjøkkenet eller i matsalen når ho er på jobb.