Utsikt mot Botnavatnet
Utsikt mot Botnavatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 37 - Internordisk leirskole

Veke 37 i 2023 har vore ei spesiell veke ved Hålandsdalen leirskole . Det er for så vidt veke 37 kvart år – for dette er veka då me, på vegne av Bergen kommune, arrangerer internordisk leirskule.

Samarbeidsaktiviet - øvelse "Spesialavfall"
Samarbeidsaktiviet - øvelse "Spesialavfall"
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Det internordiske samarbeidet, i denne samanhengen, er mellom Bergen, Gøteborg, Åbo og Aarhus – som alle er den andre største byen i sine respektive land. I 2023 er det elevar frå Gøteborg, Åbo og Bergen som er deltakande på det som, på svensk, kallast «Internordiskt elevutbyte». I praksis betyr det at i veke 36 er ei elevgruppe frå kvar av dei tre byane samla i Åbo, i veke 38 er det Gøteborg som er arrangør mens i veke 37 er det altså Bergen som har arrangøransvaret.

På veg rundt Øykjafjell
På veg rundt Øykjafjell
Bilde: Hålandsdalen leirskole

I mange år har Hålandsdalen leirskole tatt på seg oppdraget med å arrangere denne veka, på vegne av Bergen kommune. Skuleleiinga i Bergen har gitt Hålandsdalen leirskole det fulle ansvaret med å ivareta besøkjande elevar og lærarar, samt med å presentere Norge og Bergen på ein best mogleg måte.

Vindestegen - det brattaste partiet på veg mot Ottanosi
Vindestegen - det brattaste partiet på veg mot Ottanosi
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Med elevar som går i tiende klasse og innkvartering allereie søndag ettermiddag er veka heilt annleis enn alle andre leirskuleveker. Den sosiale delen mellom elevane er kanskje den alle største gevinseten ei slik veke, og kva fremmar vel sosial kontakt betre enn aktivitetar i fellesskap.

Måndag fekk elevane prøvd seg både på samarbeidsaktivitetar og friluftsaktivitetar saman i mindre grupper. Tysdag var den store «fjell»-dagen, der ei gruppe elevar gjekk til Øykjafjell og ei gruppe til Ottanosi. Her var nokre til og med så ivrige at fjellturen fortsette over Kjerringafjell før retur til leirskulen.

"Crewet" denne veka på plass på fløyen - representasjonsmiddag neste post på programmet
"Crewet" denne veka på plass på fløyen - representasjonsmiddag neste post på programmet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag var det først ei økt med bygdedagsaktivitetar i små grupper på leirskulen før ettermiddagen gjekk føre seg i Bergen sentrum. «By-turen» vart avslutta på pizzaresturant for elevar og leirskulelærar medan alle dei tilreisande lærarane var på representasjonsmiddag for det internordiske samarbeidet saman med oss frå leirskulen og frå Bergen kommune.

Ut frå Hammersland - Kikedalen neste
Ut frå Hammersland - Kikedalen neste
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Torsdag var denne veka sin «vass-dag». Elevgruppa var delt i to – der halvparten padla kano til Kikedalen og halvparten kryssa Skogseidvatnet, gjennom Drageidkanalen og vidare til Henangervatnet og Kilen.

Fredag morgon var det tidleg avreise for alle. Dei finske var først ute, med avreise kl 0800. Deretter var både svenske og norske elevar klare for avreise kl 0900 og med det var internordisk leirskule 2023 fullført for Norge og Bergen sin del. 

Ein etter ein av kanoane på veg gjennom Drageidkanalen
Ein etter ein av kanoane på veg gjennom Drageidkanalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for besøket og takk for ei kjekk, spennande og triveleg veke med elevar og vaksne frå tre nasjonar.