Trude har vore rektor ved Hålandsdalen leirskole sidan januar 2023. Ho har eit langt arbeidsliv bak seg og mange år som ein del av Bergen kommune.
Trude var, i si tid, i det første kullet med uteksaminerte jenter frå Sjøforsvarets gymnastikkskole. Ho har dermed vore blant dei som har bana veg og sett standarden for andre jenter i forsvaret. Dette var, som Trude sjølv seier, det året i livet hennar som var mest utviklande.
Me på leirskulen har nytt godt av erfaringane hennar frå Sjøforsvaret, ein idrettskarriere på handballbanen og ikkje minst eit langt arbeidsliv. Leirskulelivet er hektisk, men Trude har kasta seg ut i det, tatt på seg stadig nye oppgåver og stått stødig som leirskulerektor.
No ventar ein ny kvardag - ein kvardag med meir tid saman med familien, ein familie som tel både ektemann, barn og barnebarn. Ein ny kvardag med meir tid til reising og andre hobbyar. Ein ny kvardag utan å bli styrt av arbeidstider.
Me ynskjer Trude lykke til som pensjonist og takk for alt som du har tilført leirskulen i tida du har vore rektor!