Slike store nedbørsmengder på ei leirskuleveke har med seg nokre utfordringar. På ei anna side fører den òg til andre minner frå leirskuleveka enn ei «normal» veke ville gjort. Det er gjerne det «ekstreme» som er lettast og hugse og som set dei klaraste spora i minna våre.
Elevane frå Skranevatnet og Haukedalen fekk oppleve to bygdedagar i si veke i Hålandsdalen. På ein slik bygdedag er elevane delt inn i mindre grupper og dei prøver seg på ulike handverk og aktivitetar utan bruk av moderne teknologi. Tanken er å gje dei litt større forståing av korleis våre forfedrar hadde det i si levetid. To bygdedagar betyr at elevane fekk prøve seg på to ulike aktivitetar.
No skal det seiast at bygdedagen er først og fremst føremiddagen – denne veka tysdag og onsdag. Ettermiddagane hadde alle elevane ein uteøkt – trass den atmosfæriske elva. Tysdag ettermiddag vart nytta til samarbeidsøvingar medan onsdag ettermiddag hadde friluftsaktivitetar på programmet. Desse to ettermiddagsøktene gav elevane verdifull erfaring i korleis kle seg på ein fornuftig måte når du skal vera utandørs i regnvær.
Desse erfaringane tok dei, sjølvsagt, med seg inn i torsdagen då skogstur med lunsjbål og orientering med hjelp av kompass stod for tur.
Det er desse tre dagane (tysdag, onsdag og torsdag) er hovudtyngda gjennom ei leirskuleveke. Men både måndag og fredag har sin funksjon på leirskulen. Måndagar er dagen då nye rutinar skal innarbeidast hjå elevane medan fredagar er dagen då (dei lause) trådane gjennom veka verkeleg blir samla saman og festa. Sjølv om ei atmosfærisk elv kan forandre på mykje, så klarte heller ikkje den å endre på verken måndagen eller fredagen på Hålandsdalen.
Takk for ei kjekk veke saman med lærarar og elevar frå Skranevatnet og Haukedalen.