Elevane frå Li og Eidsvåg var dermed dei første i 2025 som har fekk prøve ut ferdsel på vatn. Enn så lenge er det Vengsvatnet som er klart til bruk for oss på leirskulen. Dette betyr ei blanding av robåtar og kanoar. Me kan drive med fiske og studie av fisk, me kan øve padleteknikk med kano gjennom kanoorientering og me kan øve på ferdsel i robåtar.
Det er med andre ord meir enn nok å drive med på leirskulen trass i at vinteren slapp taket litt tidlegare enn me først hadde tenkt.
For elevane denne veka har det vore nettopp fisk og ferdsel på vatn som har vore tema ein heil dag. Alle har fått sjansen til å padle kano og alle har fått sjansen til å prøve seg i robåt. Me har studert fisk og me har sløyd. Ikkje minst har me nytta godværet til mange timar utandørs.
I tillegg til ein dag på vatn har alle òg hatt ein dag til fots. Eidsvåg nytta denne dagen til Øykjafjell med tema krigshistorie. Li sin dag til fots gjekk føre seg i skogen – der allemannsretten og orientering med kompass var viktige tema. For begge grupper har bålet og bålbrenning utgjort sin del av utedagane.
Bygdedagen vår låg, denne veka, på onsdagen. Ulike handverksaktivitetar vart prøvd ut – alt for å gje elevane eit lite bilete på korleis livet kunne utarte seg ved starten på 1900-talet. Ettermidaggen onsdag handla om uteaktivitet. Kvar av elevane deltok på ein friluftsaktvitet – ein aktivitet som strekte seg over eit par timar om ettermiddagen. Bygdedagen vart avslutta, som seg hør og bør, med besøk hjå familien Håland.
Så var fredagen her igjen og tid for avreise. Men ikkje før den avsluttande rominspeksjonen var gjennomført – like fullt eit besøk i gamle Holdhus kyrkje og ein varm lunsj i matsalen på leirskulen.
Takk for ei kjekk veke saman med elevar og lærarar frå Eidsvåg og Li. God tur heim og god helg!