Kanopadling på Vengsvatnet er påfyll til skattekista med opplevingar
Kanopadling på Vengsvatnet er påfyll til skattekista med opplevingar
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 12 - Kringlebotn og Smørås

På skattejakt i Hålandsdalen – slik kan òg ei veke på leirskule skildrast og forklarast. Skattejakt både i form av opplevingar og minner, men av og til òg skattejakt i heilt konkret form…

Sølvskeia som vart funnen av elevar som dreiv metallsøk
Sølvskeia som vart funnen av elevar som dreiv metallsøk
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Visjonen til Hålandsdalen leirskule er, intet mindre enn, «Læring for livet» - med bakteppet som «ei veke du hugsar resten av livet og som gjev kunnskap du får bruk for heile livet». For å nå dette, er det viktig å skape minner – minner gjennom opplevingar saman med andre. Dette kan vera fellesskapet på rommet du bur eller meistringa du opplever ved å padle kano. Men ein sjeldan gong ligg minna, eller skatten om du vil, rett under føtene dine.

Onsdag ettermiddag denne veka, var metallsøk inne som ein av friluftsaktivitetane elevane kunne velja mellom. Onsdag var bygdedag med bygdedagsaktivitetar om føremiddagen og dei nemnde friluftsaktivitetane om ettermiddagen. Elevane kunne velje mellom stjerneorientering, matlaging ute, klatring, rappellering eller metallsøk. Gruppa som hadde metallsøk nytta seg av nærområdet til leirskulen og litt ute i økta varsla metalldetektoren om metall under føtene til nokre av elevane. Etter ei lita graveøkt dukka det opp, intet mindre enn, ein del av ei sølvskei. Restar av jern og anna metall brukt til arbeid er ikkje uvanleg å finne, men sølv er absolutt sjeldan vare – og absolutt minner som blir med både oss og elevane vidare.

Samling i vågen ved Vengsvatnet
Samling i vågen ved Vengsvatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

I tillegg til bygdedag og friluftsaktivitetar har alle elevane, denen veka, både vore til Øykjefjell og lært om flysleppa i Hålandsdalen under 2.verdskrig. Dei har òg vore på Vengsvatnet der me padla kano, rodde (robåt) og studerte fisk. Nye aktivitetar for mange og nye minner og opplevingar for alle.

Arbeid med ved på ein av bygdedagsaktivitane våre
Arbeid med ved på ein av bygdedagsaktivitane våre
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Alle delane av ei leirskuleveke vil kunne skape minner for livet – enten dei skjer utandørs eller innandørs. I skrivande stund, fredag ettermiddag, har nettopp elevar og lærarar trilla ut av leirskuletunet i kvar sin buss. Forhåpentlegvis med minner og opplevingar som blir liggjande i kvar enkelt si «skattekiste».

Lefsebaking på vedovn
Lefsebaking på vedovn
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for besøket til alle lærarar og elevar frå både Smørås og Kringlebotn.

Kveldsstemning på tunet
Kveldsstemning på tunet
Bilde: Hålandsdalen leirskole