For å få til dette har me nytta oss av Vengsvatnet fleire dagar denne veka. Alle elevane har nytta kano som transportmiddel – med eigne musklar som motorkraft. Kanoane, som for øvrig har same design som vikingane sine båtar for 1000 år sidan, er flittig brukt av oss på leirskule.
Padleturen rundt på Vengsvatnet er ein av måtane me kan synleggjere bruken av vatn. Ein annan måte å sjå dette på er gjennom kva som lever i vatna – rett og slett fisken som held til i vatna. Elevane har vore med på å studere fisk frå Vengsvatnet. Me har sett nærare på fisken på utsida og på innsida – kort fortalt har eleane sjølve vore med på å sløye fisk. For mange er dette første gongen med slik aktivitet – nok som fort kan bli møtt med skrekkblanda fryd.
Elles gjennom veka har elevane vore til fjells med tema krigshistorie i Hålandsdalen. Denne gongen gjekk ruta forbi Bygdastølen, vidare rundt Heihillerhornet og tilbake til leirskulen.
Onsdag var, som vanleg, bygdedag hjå oss. Her fekk elevane prøve seg på ein aktivitet, arbeidsoppgåver eller handverk slik det kunne sett ut tilbake i tid. Utan tilgong til teknologi var det derfor eigen fingerferdighet, musklar og hjerneaktivitet som skapte resultat.
Fredag er avreisedag. Straks frukosten er avslutta, byrjar utpakkinga for alvor – med avsluttande rominspeksjon som rundar av det heile. Dernest ventar eit, kjapt, besøk i gamle Holdhus kyrkje – gjennomført som eit rollespel. Til sist var det varmlunsj i matsalen der, mellom anna, vinnar av romkonkurranse vart presentert.
Takk for ei flott veke saman med elevar, lærarar og studentar frå Midtun og Vadmyra.
God helg!