For elevane som er i Hålandsdalen på leirskule, er innhaldet gjennom veka ikkje heilt ulikt frå det japanske ordtaket. Det er trass alt ei veke der elevane er i nye omgjevnadar og får sjansen til å skaffe seg nye venner. Dei er fråkopla den vanlege digitale kvardagen og blir utfordra på både praktiske ferdigheiter, det sosiale og på det å, stadig vekk, takle nye oppgåver og utfordringar. Både kroppen vår og hovudet vårt er mykje tøffare enn me trur og einaste måten å finne det ut på, er nettopp å ved «pushe» seg sjølv.
Denne veka har elevane «pusha» seg sjølv både til lands og til vanns. Det har vore ein utedag til fots – nærare bestemt til fjells med undervisningstema krigshistorie. Dei har òg hatt ein dag på vatn, i kano, der undervisningstema har vore landskapsformer, busetnad i gamal tid og historien om Svartedauden i Norge.
I tillegg har me køyrt bygdedag – med tilhøyrande bygdedagstema. Dette er dagen då «fingerferdighet» og evna til å tenkje praktisk verkeleg vert utfordra. Først med ein handverksaktivitet før lunsj og med ein friluftsaktivitet etter lunsj. Kvelden vart, som vanleg, avslutta med besøk hjå familien Håland.
Viss me, på toppen av alt, nemner måndag med samarbeidsaktivitetar og opplæring i nye rutinar, «leirskulestilen», så er me plutseleg kome til fredag igjen.
Det einaste som gjenstår då er utpakking, rollespelet i gamle Holdhus kyrkje og, heilt til sist, avsluttande lunsj.
Så spørs det då – kanskje var det nettopp ein halvtime ein vårkveld i denne vårveka som skapte minner hjå ein, eller fleire, elevar – og som dermed gjorde at leirskuleveka blir hugsa i langtid framover.
Takk for ei kjekk veke saman med lærarar og elevar frå Søreide og Damsgård.