Ei veke på leirskule både er, og skal vera, utfordrande. Den skal utfordre både litt på det fysiske, litt på det mentale og litt på det tekniske. I tillegg kjem den sosiale delen mellom elevar i same klasse og på tvers av klassar og skular. Tanken bak er, intet mindre enn, å prøve å førebu dagens elevar på kva som vil møte dei i det verkelege livet i framtida. Nemleg evna til å takle, stadig, nye utfordringar - gjerne fleire på ein gong.
Dei historiske linjene ligg der for oss - klare til å studere. Dei er gjerne ikkje direkte samanlignbare på alle felt, men dog…
Denne veka var det 85 år sidan utbrotet av 2.verdskrig i Norge - noko som sjølvsagt skapte nye utfordringar for folk flest. Ei anna historisk linje er dei utfordringar som kom med val av buplass, (mangel på) teknologi og og gjerne mangel på medisin og vaksiner tilbake i tid. Ei tredje slik historisk linje er kreativiteten knytt til å skape eigne arbeidsplassar i gamle dagar - ei form for mangesysleri der sal av både jord- og skogsprodukt, isblokker frå islagde vatn kunne vera ein del av innekta for familien.
Elevane denne veka har fått eit aldri så lite innblikk mangen slike tema. Dei har fått eit lite teoretisk innblikk, gjennom bilder, men minst like mykje gjennom opplevingar og praktiske oppgåver.
Alle elevane har vore i kano på eit av vatna i Hålandsdalen. Nokre med tema landskapsformer og busetnad medan andre har studert bruken av vatn i dagleglivet, til dømes med studie av fisk. Kaland har både vore på Vengsvatnet (tysdag) og på Gjønavatnet (torsdag). Krokeide var saman med Kaland tysdag medan Søreide hadde sin tysdag på Gjønavatnet.
Elles har mangen av elevane brukt beina sine til fjells eller til skogs. Krokeide nytta torsdagen til fjells med tema krigshistorie, medan Søreide var i skogen med tema allemannsretten og gradorientering.
Felles for alle var onsdagen - bygdedagen vår. Her prøvde elevane eg på ulike handverks- og arbeidsoppgåver på føremiddagen. Ettermiddagen vart nytta utandørs med ei eller anna form for friluftsaktivitet.
I skrivande stund er det blitt fredag ettermiddag. Me har gjennomført utpakking og avsluttande rominspeksjon. Me har gjennomført det obligatoriske kyrkjebesøket vårt og me har hatt den avsluttande lunsjen.
Tre bussar har vore innom tunet og henta elevar og lærarar - klare for heimreise og påskeferie. God tur heim og riktig god ferie til alle frå oss på leirskulen.