Fuglesong, irrgrøne bakkar og med lauvet på tre og buskar som byrjar sprette ut - joda, no er det vår. Solstrålar som varmar skikkeleg og ikkje minst lange lyse kveldar – me er godt inne i sommarhalvåret og det yrer av liv rundt oss.
Elevane frå 6. trinn ved Lone og Loddefjord kom rullande inn på leirskulen tredje påskedag – klar for si leirskuleveke. Første dag etter påskeferie og, ikkje minst, første dag på leirskule er alltid spennande. Møte mellom gamle kjente og nye kjente. Møte med nye rutinar og nye utfordringar – første dag på leirskule er ofte slik.
Etter å ha blitt litt kned med både andre elevar og leirskulelivet var det tid for onsdag og bygdedag. Her fekk elevane ein smakebit på korleis livet kunne ha vore om dei hadde levd tidleg på 1900-talet. Handverksarbeid og oppgåver som måtte løysast utan bruk av moderne teknologi. Nokre var lefsebakarar, andre prøvde seg på trearbeid. Ei gruppe var i gamleskulen, nokre var på toving, andre igjen dreiv me skinnarbeid. For ikkje å gløyme gjengen som prøvde seg i gamlestova og arbeidet rundt huset, og sist med ikkje minst dei som haldt på med jernarbeid. Etter ei ettermiddagsøkt med friluftsaktivitetar etter lunsj, vart bygdedagen avslutta med besøk hjå familien Håland.
Torsdag var utedag og med full uteundervisning. Loddefjord var på Vengsvatnet der dei padla kano, rodde i robåt, trekte garn og studerte fisk. Lone, på si side, var på Gjønavatnet der dei padla kano til Kikedalen. Der såg dei nærare på landskapsformer og på korleis busetnaden har vore inne i Kikedalen fram til året 1349. Alt desse tema var «pakka» inn i sagnet om Kikedalsbonden.
Fredag var, som vanleg avreisedag. Straks etter at alle var ferdig pakke ut av romma sine og siste rominspeksjon var gjennomført, var det tid for rollespelet i gamle Holdhus kyrkje. Avsluttande lunsj var klokka tolv og her blei vinnar av romkonkurransen denne veka annonsert og premiert. Då dette var fullført, ja då var det tid for avreise og tur heimover.
Takk for ei kjekk veke og god helg til alle frå Lone og Loddefjord.