Vårsol over Hålandsdalen
Vårsol over Hålandsdalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 18 - Fridalen

Læring handlar om utvikling og endring – endring i tankemønster, endring i åtferd og endring i perspektiv. Skal me klare å skape endring så krevs det, som regel, litt tid - tid å "lande" først.

Introduksjon til kanopadling på leirskulen
Introduksjon til kanopadling på leirskulen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ei veke på leirskule, 5 intense dagar, er berre ei veke av elevane sitt «skuleliv». Men det er stor endring å sjå frå måndag føremiddag og til fredag klokka 1300. Særleg torsdag og fredag syns det godt...

 Då er rutinane innarbeid og meistringsfølelsen av å ha klart tre netter heimeifrå stor. Matpakken, som var for liten på tysdag, er monarleg større torsdag og dei faste arbeidsoppgåvene går (nesten) av seg sjølv. Kort fortalt har elevane “landa” og blitt tryggare på heile leirskulelivet. Det er, som regel, då dei aller beste timane på leirskule kjem - dei beste timane for både læring (les endring), sosialt og (aha)opplevingar.

Garntrekking og studie av fisk på programmet
Garntrekking og studie av fisk på programmet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

På toppen av alt dette, er veka full av undervisningssituasjonar. Måndag var, mellom anna, øving på samarbeid for alle. Tysdag var elevgruppa delt i to – gul gruppe var i skogen med undervisningstema allemannsretten og orientering med kompass. Grøn gruppe var på Vengsvatnet der undervisningstema var ferdsel på vatn med både robåt og kano, samt studie av fisk.

"Ferdigstudert" fisk må sjølvsagt smakast på...
"Ferdigstudert" fisk må sjølvsagt smakast på...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag var ei rein spegling av tysdag, slik at alle elevar reiser heim med dei same undervisningstema i bagasjen. 

Skogsdag med fokus på allemennsretten og orientering med kompass
Skogsdag med fokus på allemennsretten og orientering med kompass
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Torsdag var det «rigga» for bygdedag. Fram til lunsj var fokuset kvardagslivet i «gamle dagar». Her var det utprøving av praktiske aktivitetar i, litt, same stil som dei kunne vore på slutten av 1800-talet. Finmotorikk og fingerferdighet fekk utfordra seg anten elevane dreiv med lefsebaking, skinnarbeid, toving eller ein av dei andre aktivitetane. Etter lunsj var det tid for friluftsaktivitetar. Då var kvar enkelt elev på ein sjølvvalt aktivitet – nokre dreiv med klatring, andre med kajakkpadling, ei gruppe hadde stjerneorientering medan enkelte prøvde seg på fiske og roing.

Bygdedag der, mellom anna, toving stod på programmet
Bygdedag der, mellom anna, toving stod på programmet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Fredag føremiddag var det tid for avsluttande rominspeksjon. Rommet skulle avleverast i minst like god stand som det var då elevane flytta inn måndag. Denne inspeksjonen var òg avgjerande når det kom til vinnar av romkonkurransen denne veka. 

Rollespelet og omvising i gamle Holdhus kyrkje var siste undervisningsaktivitet på leirskulen og straks den var unnagjort vardet tid for lunsj. Mot slutten av lunsjen vart vinnar av romkonkurransen kåra og heidra – og fekk sin velfortjente premie.

Takk for no til alle elevar og lærarar frå Fridalen.