Dette er lett å kjenne igjen frå, til dømes, fotballaget. Alle spelarar i troppen har ein rolle å fylle. Målet er det same for alle – spele ein god kamp og på den måten få eit godt resultat. Alle rollane er viktige, enten det er snakk om keeper, venstre midtbane eller innbyttaren som kjem inn siste 15 minuttane. Kvar spelar fyller rollen på sin eigen måte, men til det beste for laget.
Slik kan me òg skildre ein leirskuleveke. Målet er det same for alle – ei veke som blir hugsa og ei veke med ny kunnskap. Kvar enkelt elev har ein rolle å fylle – ein rolle som er viktig for fellesskapet. Innimellom vil ein møte utfordringar, men ved hjelp av (skjulte) krefter i seg sjølv og i fellesskapet så er det mogleg å takle dei utfordringar som måtte kome.
Ei veke på leirskule er meint å by på både utfordringar og meistring. Meistring som kjem utav det å jobbe seg gjennom utfordringa. For elevane frå Hordvik og Løvås kan det, til dømes, handle om kanopadling eller det kan vera ei økt i klatreveggen.
Gjennom denne veka har elevane hatt mange felles opplevingar. Begge skulane har vore til Kikedalen der dei har høyrt historien om Kikedalsbonden og studert landskapet langt der inne i dalen. Løvås har hatt ein dag til fjells med tema krigshistorie – denne turen vart attpåtil lagt til torsdag 8.mai, altså frigjeringsdagen. Hordvik nytta sin «fotturdag» til ein skogsdag med innlagt orientering med bruk av kompass. Elles var fokuset på allemannsretten det sentrale denne dagen.
Bygdedag onsdag handla om handverks- og arbeidsoppgåver knytt til livet i gamle dagar. Utan høve til å nytte dagens teknologi dukka det opp nye utfordringar enten det var i smia, i vedskogen, i bakstestova eller på ein av dei andre bygdedagsstasjonane våre. Onsdag ettermiddag hadde elevane ei ute-økt med ein type friluftsaktivitet. Nokre var på vatn, andre dreiv med matlaging på bål, andre i klatrevegen og nokre igjen prøvde seg på stjerneorientering.
Viss me, i tillegg, hugsar på at både måndag og fredag utgjorde sin del av leirskuleveka – ja så er veka plutseleg til ende.
Takk for besøket til elevar og lærarar frå Hordvik og Løvås.