Dei første vekene i januar er vanlegvis litt spennande når det kjem til leirskulelivet i Hålandsdalen. Dette handlar først og fremst om kor langt vinteren har kome – er det snø, er det is på vatna eller er det barmark og opne vatn rundt omkring. Fram til årsskiftet hadde me berre små smakebitar av vinter, men dei siste dagane før første leirskuleveka byrja kom snøen. Med gode hjelparar og godt samarbeid med Hålandsdal IL og Bygdastalen ski- og tursenter hadde me preparerte løyper me kunne nytta allereie frå dag ein i 2025.
Elevane som hadde si første veke i året på leirskule starta veka med velkomst, samt bli-kjent- og samarbeidsøvingar måndag. Det er mykje nytt når ein kjem på leirskule og då trengs det litt tid før alt er kjent.
Tysdag var 100% via til ski. Ei økt i Ungdomshuset vårt på morgonkvisten viste elevane litt av bakteppet for Norge som skinasjon. Den praktiske delen av dagen handla om skileik i preparerte løyper. Mykje rare øvingar som utfordra elevane på balanse og motorikk med ski på beina.
Onsdag var bygdedag – ein smak på korleis livet kunne vore rundt starten av 1900-talet. Nok ein dag med praktiske utfordringar – både innandørs og utandørs. Viktige stikkord her var handverk og handarbeid. Ettermiddagen gjekk utandørs med ein eller annan variant av friluftsaktivitet.
Torsdag var ny utedag – med fokus på det norske friluftslivet. Elevane nytta ski som transportmiddel ut i terrenget. Her vart det bålfyring (elevane fekk utfordringa med å lage bålet sjølve), leir-liv og skitur/aktivitet. Viktige stikkord her var påkledning, bevegelse i ulendt terreng og samarbeid.
Så var det blitt fredag på ny. Elevane pakka seg ut av romma sine – med ein avsluttande rominspeksjon à la Kompani Lauritzen. Siste leirskuleaktivitet denne veka var besøket i gamle Holdhus kyrkje – eit besøk det me samlar (nokre av) trådane me har lagt fram for elevane gjennom veka.
Takk for ein topp veke saman med Lyshovden og Flaktivet – god helg.