Det er mange ulike undervisningstema me kan sjå nærare på her i Hålandsdalen – historie kobla til 2. verdskrig er eit av dei. Dette er òg noko alle elevane som har vore på leirskule denne veka har vore innom. Både elevane frå Kalvatræet og Kirkevoll har hatt sin dag der turen har gått mot Øykjafjell og Botnavatnet. Frå november 1944 og fram til frigjeringa, 8.mai, var eit faktum så var det ein heil del som gjekk det føre seg i denne delen av Hålandsdalen. Det blei nemleg tatt i mot leveransar med militært utstyr frå Storbritannia – utstyr levert gjennom tre ulike flyslepp.
Elevane har vore med på å gå delar av ruta som lokale motsandsmenn nytta då dei tok i mot dette utstyret. Me har sett nærare på kva som var planen for utstyret og korleis det faktisk blei brukt. I tillegg har elevane fått sjansen til å krype inn i ein av skjulestadane der utstyret vart gøymt.
I tillegg til dette har me hatt den vanlege måndagen vår, med leirskuleintro og samarbeidsaktivitetar. Onsdag var bygdedag – her skrudde me tida tilbake til slutten av 1800-talet. Me prøvde oss på arbeidsoppgåver og aktivitetar slik det kunne vore på landsbygda på den tida. Ettermiddagen nytta me til ulike friluftsaktivitetar.
Tysdag og torsdag var utedagar. Der den eine av utedagane vart nytta til tema krigshistorie, vart den andre av utedagane nytta på vatn. Kirkevoll nytta sin andre utedag i kano til Kikedalen. Geologi, kulturhistorie og kanopadling var sentrale tema her.
Kalvatræet hadde sin andre utedag på Vengsvatnet – med tema fisk og ferskvatn. Transportmiddel for Kalvatræet var både båt og kano.
Fredag var avreisedag. Utpakking, avsluttande rominspeksjon og rollespelet i gamle Holdhus kyrkje er obligatorisk. Det samme er den avsluttande lunsjen og avreise kl 1300.
Takk for ei strålande veke saman med lærarar og elevar frå Kalvatræet og Kirkevoll. God tur heim og ikkje minst riktig så god 17.mai.