Der me menneske, inkludert oss på leirskulen, gjerne ynskjer oss varme no på våren – er ikkje dette nødvendigvis det beste for dei som produserer mat for oss. Kjølige dagar, med mykje lys, gjer at plantene utviklar seg sakte og får eit kraftigare rotsystem. Når så varmen kjem skyt dei i været og gjer god avling.
For oss på leirskulen kom denne kuldeperioden, som kasta på oss, midt i veka. Der veka byrja med temperaturar langt opp på 20-talet, så droppa det med 10 grader i løpet av onsdagen. Nordavinden gjorde til og med at det vesle som kom av nedbør hadde antydning til kvitt i seg… For elevane frå Seljedalen og Skeie betydde dette erfaring med påkledning for uteundervisning. Det er tross alt litt forskjell på 24-25 grader og 14-15 grader og vind frå nord.
Alle elevane har både vore til Øykjefjell og Botnavatnet denne veka. Tematikken rundt flysleppa under 2.verdskrg vert stadig meir populært som undervisningstema på leirskulen – for her er me ute i felt, der det faktisk skjedde.
Både Seljedalen og Skeie hadde òg som mål å kome seg til Kikedalen. Seljedalen nådde fram dit på tysdag, medan Skeie gjorde eit ærlig og godt forsøk men måtte gje seg grunna motvinden på Gjønavatnet. Uansett har begge grupper fått med seg historiane rundt busetnaden i Kikedalen midt på 1300-talet, sagnet om Kikedalsbonden + funne synlege bevis på at is og istider har forma landskapet.
Onsdag var bygdedag – eller skal me sei handverksdag. Uansett kva me kallar det så fekk elevane prøve seg på aktivitetar der det var hender, litt musklar og mykje hjerneaktivitet som krevdes for å lykkast. Ettermiddagen vart via friluftsaktivitetar der elevane var inne på ein aktivitet – her fekk dei kome med ynskje og alternativa var klatring, stjerneorientering, matlaging ute, topptur på Åsesåta, fiske/roing samt kajakkpadling. Så skjedde det som av og til skjer – kajakkgruppa vart omgjort til fiskegruppe grunna sterk vind på Vengsvatnet.
Elles i veka så har det vore samarbeidsaktivitetar, rominspeksjon, kyrkjebesøk + ein masse andre små og store opplevingar.
Når det no, i skrivande stund, er fredag og sola skin – ja då er det berre å ynskje både elevar og lærarar frå Skeie og Seljedalen ei riktig god mai-helg.