Vengsvatnet i Hålandsdalen - ein ettermiddag i juni
Vengsvatnet i Hålandsdalen - ein ettermiddag i juni
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 23- Krohnengen

Grunnmuren – den delen av byggverket som skal «bære» alt. I teknisk forstand gjerne laga av betong eller stein - betong som blanding av sement, sand og vatn, medan steinen må vera forma på rett måte.

Introduksjonsøkt til kanopadling
Introduksjonsøkt til kanopadling
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Fellesnemnaren er at skal grunnmuren bli solid og då må dei riktige komponentane vera på plass. I skuleverda, dermed òg leirskuleverda, er komponentane i elevane sine grunnmurar kunnskap og ferdigheiter. Læring av dei kunnskapane og trening på dei ferdigheitene som er eit minimum av det som trengs for å vera best mogleg skodd for framtida.

For elevane frå Krohnengen har ei intens leirskuleveke gitt oppgåver og utfordringar som går på, mellom anna, sjølvstendigheit, ansvar og samarbeid. Dette kjem i tillegg til ei lang rekkje faglege emner knytt til både naturfag og samfunnsfag.

Studie av fisk - K-faktor og fiskeanatomi - både på innsida og utsida
Studie av fisk - K-faktor og fiskeanatomi - både på innsida og utsida
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Måndag var fokuset på å bli kjent (med ny plass og nye system) og på å samarbeide.

Tysdag og onsdag var elevgruppa delt i to – begge grupper har gjennomført dei same emna og aktivitetane men på kvar sin dag. Kort oppsummert så har alle elevane hatt tema krigshistorie – eit tema som startar med ein introduksjon inne på leirskulen før resten av dagen går føre seg oppe i Hålandsdalsfjella. Gjennom å bevege seg i same terreng som lokale motstandsmenn gjorde i 1944 og 1945, gjev det eit anna perspektiv enn å lese om det eller sjå det på film.

I fotspora til lokale motstandsmenn frå 1944 og 1945.
I fotspora til lokale motstandsmenn frå 1944 og 1945.
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Det andre, store, tema for veka var fisk og ferdsel på vatn. Alle elevane har vore på Vengsvatnet med tema kanopadling og fisk. Me har padla oss fram og tilbake frå dagens arbeidsområde. Me har dradd garn og me har studert fisk (både på innsida og på utsida).

Torsdag var bygdedag med ulike handverks- og friluftsaktivitetar.

Til saman har det blitt ei innhaldsrik veke – både med undervisningstema og aktivitetar. Me må heller ikkje gløyme den avsluttande dagen i veka – fredagen. Utpakking, avsluttande rominspeksjon og rollespelet i gamle Holdhus kyrkje stod på programmet. 

Heilt til sist var det lunsj og heimreise – heim til langhelg, dog litt forsinka.

Takk for besøket alle som ein frå Krohnengen.