Sauen - eit  fornuftig beitedyr på leirskulen
Sauen - eit fornuftig beitedyr på leirskulen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 24 - Bjørndalsskogen og Sælen

Juni månad er høgsesong…høgsesong for matproduksjon for dei som driv med dyrehald. Dyra er ute på beite for lengst, så no er det vinterfòret deira som skal haustast.

Ljåslått - gammal måte å hauste vinterfòr til husdyra på
Ljåslått - gammal måte å hauste vinterfòr til husdyra på
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Det gjeld å nytte vekstsesongen til det fulle. Nede i lavlandet er plantene i full vekst i desse dagar. Dyra blir flytta rundt på ulike beiteområde – både for å utnytte planteveksten, men òg for å skåne dyra for moglege snyltarar og parasittar. I tillegg er «slåtten» i gong for fullt – då vinterfòret skal sikrast.

Resultatet av bygdedagsaktiviteten "skinnarbeid"
Resultatet av bygdedagsaktiviteten "skinnarbeid"
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Elevane frå Bjørndalsskogen og Sælen har, mellom anna, tatt del i ein liten bit av denne verda. På leirskulen sitt område har me hatt sau og lamb på beite i fleire veker allereie. I tillegg har nokre av elevane vore med på å slå gras som blei servert til sauene som ekstrafòr no rett før dei skal på fjellbeite.

Matlaging ute som ein av friluftsaktivitetane
Matlaging ute som ein av friluftsaktivitetane
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Dette var ein av bygdedagsaktivitetane våre denne veka. Nettopp bygdedagen vår er dagen då me prøver oss som gardbrukarar, handverkarar eller liknande omtrent slik det kunne gått føre seg på slutten av 1800-talet. Elevane er med på å bestemme kva stasjon/aktivitet dei vil vera på – og så får dei prøve seg på ein slik stasjon.

Utover bygdedagen så har alle elevane hatt ein dag på vatn denne veka. Sælen nytta sin vassdag på Vengsvatnet der dei padla kano og studerte fisk. Medan Bjørndalsskogen var på Gjønavatnet med tema som kanopadling, landskapsformer og busetnaden inne i Kikedalen.

Kanointro - nødvendig før me byrjar kanopadlinga
Kanointro - nødvendig før me byrjar kanopadlinga
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Med 2. pinsedag på måndag var dette ei, såkalla, 4-dagars veke. Det betydde at tysdag var velkomstdag, onsdag bygdedag, torsdag utedag på vatn og fredag avreisedag. Bygdedagen vart avslutta med friluftsaktivitetar om etteriddagen og med besøk hjå familien Håland på kvelden. 

Rollespelet i gamle Holdhus kyrkje - siste leirskuleaktivitet denne veka
Rollespelet i gamle Holdhus kyrkje - siste leirskuleaktivitet denne veka
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ei, litt ekstra kort, leirskuleveke er til ende. Nokre reiser heim og skal direkte vidare til fotballcup, medan andre har heilt andre planar for junihelga som kjem.

Takk for ei flott veke saman med lærarar og elevar frå Bjørnsdalsskogen og Sælen.