Ein ting er all organisert undervisning. Ein annan ting er all læring som skjer utanom det organiserte. Samarbeid, ta ansvar og utfordre seg sjølv er sentrale (uorganiserte) stikkord i ei leirskuleveke. På leirskulen er me i lag gjennom heile døgnet og elevane har sjølv stort ansvar for at veka skal bli bra. Dette er (litt av) den «skjulte» delen av læring som skjer gjennom ei leirskuleveke.
For elevane frå Landås har det i stor grad handla om vatn. Begge utedagane denne veka har vore på vatn og enkelte nytta òg onsdag ettermiddag ute vatnet. I tillegg har alle fått kjenne på vatn «fra oven».
Utedagane var elevgruppa delt – begge grupper har gjort det same, men på ulike dagar. Til saman så har alle vore i kano til Kikedalen og sett nærare på korleis folk har livnært seg der inne frå ca år 500 og fram til midt på 1300-talet. Dei har fått presentert historien om Kikedalsbonden Jon og me har funne bevis i landskapet for at is(tider) og rennande vatn har forma dalen slik me ser den i dag.
I tillegg har alle hatt ein dag på Vengsvatnet. Her fekk dei prøve seg på å ro, me har trekt garn og studert fisk. Likt for begge dagane er lunsjpause ute i felt og derav òg trening for elevane i å smørje matpakke.
Bygdedagen vår låg på onsdag. Her skrur me tilbake til slutten av 1800-talet og prøver oss på ei arbeidsoppgåve og/eller ein aktivitet slik den kunne gått føre seg på den tid. Målet er at elevane skal få litt djupare forståing for kva innsats som er lagt ned opp gjennom åra for at me skal kunne leve våre liv slik me gjer det i dag.
Onsdag ettermiddag var det tid for friluftsaktivitetar. Til liks med bygdedagsaktivitetane er elevane sjølv med og bestemmer kva for ein stasjon/aktivitet dei deltek på. Denne veka var var det elevar på kajakkpadling, fiske/roing, matlaging ute, klatring og stjerneorientering.
Då veka nærma seg slutten og sommarferien stod rett rundt hjørnet, ja då la òg værgudane «go-sida» til og veka enda med sol og t-skjortevær.
Takk for denne gong til alle lærarar og elevar frå Landås og god tur heim.
Ja, òg ikkje minst – God sommar frå alle oss på leirskulen!!!