"Det magiske bålet"
"Det magiske bålet"
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 3 - Bønes og Varden

Betre byrdi du ber´kje i bakken enn mannevit mykje. «Håvamål»

Ei lita skiøkt måndag ettermiddag
Ei lita skiøkt måndag ettermiddag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Strofa (verset) ovanfor er henta frå Håvamål, Den høyes tale(Odin sin tale), som er ei samling norrøne gudedikt som er nedteikna på 1200-talet. Håvamål er ei samling av 164 strofer med visdomsord og levereglar. Strofa ovanfor handlar om det viktigaste skulen, og dermed òg leirskulen, skal gje elevane våre – nemleg kunnskap (mannevit). Strofa fra Håvamål kan tolkast dit hen at det beste bagasjen å bære med seg er kunnskap. 

Bygdedag og skinnarbeid som handverksaktivitet
Bygdedag og skinnarbeid som handverksaktivitet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Elevane frå Bønes og Varden har gjort mykje denne veka på leirskule. Noko er heilt nytt, noko er oppfrisking av «gamal» kunnskap medan anna igjen er god kjend og dermed «lett». Dette er òg noko av målet med leirskuleveka – å bli utfordra i større og mindre grad.

Bygdedag og tønnelaging som handverksaktivitet
Bygdedag og tønnelaging som handverksaktivitet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Grunna mykje vær denne veka landa me på å køyre to bygdedagar og ein full utedag i staden for motsett. Måndag ettermiddag nytta me eit par timar der me hadde ski på beina – vær og føre var langt frå ideelt, men då fekk me i det minste nytta skiene ei lita stund. 

Bygdedag og toving som handverksaktivitet
Bygdedag og toving som handverksaktivitet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Tysdag og onsdag var bygdedagar. Kort fortalt handla det om å koble saman det ein blir forklart og vist – og deretter utføre det for å skape eit produkt – enkelt og greit handverk… Eller kanskje så var det ikkje så enkelt å utføre likevel på første forsøk – erfaringa, samt noko av kunnskapen, elevane sit igjen med etter bygdedagane er at skal me lukkast med praktiske oppgåver så krevs det både konsentrasjon og evne til å ikkje gje opp.

Bygdedag og matlaging på vedovn som handverksaktivitet
Bygdedag og matlaging på vedovn som handverksaktivitet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ettermiddagane vart nytta utandørs – samarbeidsaktivitetar og friluftsaktivitetar stod på programmet. På denne måten fekk elevane utfolda seg fysisk på ein annan måte enn gjennom handverksaktivitetar.

Torsdag og endeleg ein full utedag til skogs
Torsdag og endeleg ein full utedag til skogs
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Torsag var ein full utedag. Tematikken var bruken av allemannsretten og allemannspliktene. Heile dagen vart brukt ute i skogen med naturkjennskap, lage bål, påkledning og pakking av sekk som praktiske øvingar. I tillegg er det noko med å få utfordra kroppen, og ikkje minst hjernen, på å vera ute sjølv når været ikkje er perfekt.

Ei veke på leirskule går fort, nesten som eit «knips».  Vips så er det fredag og heimreise. Erfaringar og kunnskap er med heim i bagasjen, det same er kjensla av å ha meistra ei veke utanom det vanlege – dette er òg ein måte å oppnå kunnskap, eller var det mannevit…

Takk for besøket og god helg til alle frå Bønes og Varden.