Nytt skuleår og nye besøk på leirskulen. Men heldigvis er ikkje alt nytt. For leirskuletunet er som før, det same er dei tilsette og mykje av undervisninga og aktivitetane er som før.
Måndag var dagen for å bli litt betre kjent med både plassen og andre elevar. Det vart òg introdusert dei faste arbeidsoppgåvene for leirskuleveka – kort sagt så blei leirskuleveka sett i gong.
Tusdag og torsdag var fulle utedagar. Dei besøkjande skulane hadde begge valt ein dag til fots og ein dag på vatn og i kano. Kanodagen nytta begge skular til Kikedalen, Olsvik tysdag og Aurdalslia torsdag. Her var det undervisning i både kanopadling, landskapsformer og historien om folk som har budd i Kikedalen.
Dagen til fots hadde skulane ulike ynske for undervisningstema. Aurdalslia bestemte seg for tema krigshistorie og dermed gjekk turen i retning Øykjafjellet og Botnavatnet med flyslepp i 1944 og 1945 som eindel av historien.
Olsvik nytta sin dag til fots med å gå frå Øvre Hålandsdal, over Bergsenden og vidare til Strandeberm i Hardanger. Undervisningstema på denne turen var knytt til gamle ferdselsvegar over fjellet og korleis dette har påvirka folk sine liv.
Onsdag var bygdedag – dagen der elevane fekk prøve seg på handverk- og arbeidsoppgåver frå gamle dagar. Ettermiddagen gjekk føre seg utandørs med ulike friluftsaktivitetar.
Fredag var avreisedag, men ikkje før rommet var ferdig pakka, besøket i gamle Holdhus kyrkje var gjennomført og fredagslunsjen unnagjort.
Takk for ei flott veke saman med alle frå Aurdalslia og Olsvik