Augustmorgon i Hålandsdalen
Augustmorgon i Hålandsdalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 34 - Mathopen og Olsvik

Endeleg er me i gong på ny – nytt skuleår, nye klassar og nye leirskuleelevar. Endeleg skal årets elevar få oppleve si veke på leirskule. Første gjeng ut i 2025-2026 var elevar frå Mathopen og Olsvik.

Kanopadling på leirskulen
Kanopadling på leirskulen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Dette var rett og slett den ekte starten på skuleåret for denne elevgruppa. Første skuledag dette skuleåret starta med bussreise inn til Hålandalen leirskole. Men for ei veke me har hatt… For det første har været spelt på lag med oss frå første stund – noko som har opna opp for masse ulike aktivitetar.

Utsikt mot Hardanger
Utsikt mot Hardanger
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Utedagane våre, tysdag og torsdag, har vore fulle med fire ulike undervisningsopplegg. Begge skular har hatt ein dag på vatn og ein dag til fots – med alle med ulike undervisningstema.

 Olsvik nytta sin utedag tysdag med tur til og frå Kikedalen. Transportmiddelet var kano og undervisningstema, utover sjølve kanopadlinga (i både motvind og medvind), var middelalderhistorie og landskapsformer. Olsvik sin andre utedag, torsdag, vart nytta i skogen med undervisningstema som allemannsrett, bål og orientering med kompass.

Arbeid med fisk...
Arbeid med fisk...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Mathopen hadde sin utedag, tysdag, på Vengsvatnet. Her fekk dei prøvd seg både i kano og i robåt og hovudtema for dagen var fisk i ferskvatn. Dette betydde nærstudie av fisk, både utanpå og inni, samt ein smakebit av sjølvfanga aure og røye. Torsdagen til Mathopen vart brukt langs den gamle hovudvegen mellom Hålandsdalen og Hardanger - rettare sagt gangvegen over fjellet mellom Øvre Hålandsdalen og Strandebarm.

I tillegg har me hatt bygdedag med tilhøyrande bygdedagsaktivitetar. Dette handla om handverk og «fingerferdighet» for å meistre eit handverk eller ei arbeidsoppgåve slik den kunne vore på slutten av 1800-talet. Dei velkjende friluftsaktivitetane våre om ettermiddagen gav elevane høve til å prøve seg på ein uteaktivitet gjennom ein heil ettermiddag.

Røye frå Hålandsdalen snart klar for steikepanna
Røye frå Hålandsdalen snart klar for steikepanna
Bilde: Hålandsdalen leirskole

To utedagar og ein bygdedag – om me òg tek med måndag som velkomstdag og fredag som avreisedag med alt dei inneheldt, så er første leirskuleveke 2025-2026 over. 

Takk for besøket til lærarar og elevar frå Mathopen og Olsvik – god helg alle saman.