Utan all slags teknologiske «dippeduttar» er det på mange måtar back to basic som gjeld. Me blir nøydd å snakke med kvarandre, sjå kvarandre i augene, samarbeide og meistre praktiske og fysiske oppgåver i lag. Dette byrjar allereie måndag, innreisedagen, då me skal rekke å bli litt kjent med kvarandre. Innflytting på rom, bli kjent med huset og tunet på leirskulen og ikkje minst øving på samarbeid.
Men dette er langt frå alt som har skjedd denne veka. Tysdag og torsdag var fulle utedagar, onsdag bygdedag og fredag avreisedag. Utedagane vart nytta både til fots og på vatn og med ulike undervisningstema. Aurdalslia var til fjells på tysdag, tema var krigshistorie og turmål for dagen var Øykjefjell og Botnavatnet. Torsdagen deira vart nytta i kano på Vengsvatnet der kanopadling og fisk stod som undervisningstema.
Liland tok turen til Kikedalen på tysdag. Til saman nærare 10 km i kano der me samstundes såg nærare på landskapsformer og istidslandskap samt korleis folk har levd og budd inne i Kikedalen langt tilbake i tid. Torsdagen stod skogstur på programmet med allemannsrett og undervisning om sopp.
Onsdag og bygdedag er, som vanleg, ein dag med ulike stasjonar. Før lunsj er det bygdedagsaktivitetar som gjeld medan etterpå handlar det om friluftsaktivitetar. Elevane er med og bestemme kva stasjonar dei havnar på - det handlar då om ein stasjon før lunsj og ein stasjon etterpå.
Fredag morgon vakna me til den triste meldinga om at HMK Harald hadde sovna stille inn på Rikshospitalet – dette markerte me under frukosten med å tenne lys ved bilde av kongen, samt eit minutts stillhet.
Når fredag no er overstått, har me gjennomført dei vanlege rutinane med avsluttande rominspeksjon, rollespel i gamle Holdhus kyrkje samt varm lunsj inne på leirskulen. To bussar er lasta med bagasje og på veg heimover mot Aurdalslia og Liland.
Tusen takk for besøket og tusen takk for ei flott veke saman med elevar og lærarar frå Aurdalslia og Liland.