Aller mest handlar det om å bruke tida fornuftig. Prøve å luke ut det som betyr lite samt bruke så lite energi som mogleg på det som ikkje kan gjerast noko med.
Ei leirskuleveke er travel – og det skal den vera. Det skjer noko nesten heile tida. Ein god del av veka er organisert gjennom læringsaktivitetar og resten av veka er lagt opp slik at elevane, utan å tenkje over det, tileignar seg mest mogleg kunnskap og ferdigheiter. Det handlar sjølvsagt om fag, men òg kunnskap om seg sjølv. Ein travel kvardag er ei øving i seg sjølv – korleis få mest mogleg gode opplevingar ut av den tida me har.
Elevane frå Rolland og Garnes har hatt samarbeidsøvelsar, faste oppgåver og lange måltid i matsalen. Dei har hatt to fulle utedagar, bygdedag i tillegg til ankomst- og avreisedag. Dei har vore aktive frå klokka sju-halv åtte om morgonen til sengetid kl ti om kvelden. Stort sett alt dei har gjort, har skjedd saman med andre – dei har med andre ord måtte vera «supersosiale» i fem dagar.
Utedagane var både like og ulike for skulane. Begge skular har hatt krigshistorie som tema og har tatt turen opp i Hålandsdalsfjella for å kjenne det litt på kroppen. Rolland hadde ein dag med Kikedalen som mål, medan Garnes nytta eine utedagen på Vengsvatnet og studerte fisk. 30 fisk på to garn var ei oppleving i seg sjølv…
Me har hatt bygedag der me har prøvd oss på mang ei ulik oppgåve utan bruk av moderne hjelpemiddel og der familien Håland tok imot oss ei kveldsstund.
Fredagen vart, som vanleg, gjennomført med utpakking og rollespel i gamle Holdhus kyrkje. Strks etter lunsjen var inntatt, var bussturen heim neste på tapetet. Vonarleg er det fleire av elevane som har erfart at det er ikkje farleg å ha det litt travelt – me får tross alt gjort ganske mykje på det viset.
Takk for ei flott veke!